Desemberdikt 22
Eg møtte deg på vegen
men du såg meg ikkje.
Nå sit eg her og stova er fylt
av våre dagar og netter.
Hendene dine stryk meg over panna.
Kjenner du kor mange merke den har fått?
Munnen din rører ved min.
Merkar du kor mange tome ord
som har gått over desse tørre leppene?
Du var så vakker der eg såg deg i lykteskinet.
Noko av livet mitt
var slengt over akslene dine,
ei eldraud kappe skimra rundt deg
der du skunda deg heim
til ei anna kvinne.
Du vil aldri få vite
at denne kvelden opna du blomehagar,
løyste du seglbåtar frå fortøyinga
slik at ei kvinne du nesten har gløymt
kunne la seg føre ut på vide hav
i sollyset frå dine aldrande auger.
I morgon vil eg atter gå
under den same lykta ved vegen.
Marie Takvam





2 kommentarer:
Takk for mange fine dikt! God jul!
Tusen takk, Knirk!
Riktig god jul til deg også.
Legg inn en kommentar