29.6.08

Som kvae




Såg eg deg?
Var du honningdropen, søt og seig, kom
surr for meg, surr
så lenge sia no
at eg såg deg, kjenn
eg treng
å opne deg, spinne deg
rundt som i songen
eg høyrde uti skogen, uti den høge
furuskogen der ho elska
meg for første gong
mjuke famntak i skuggen
av dei høge trea
ansiktet mitt og den søte smaken
når ho kom og viss du kjem når dagen lysnar
over tretoppane, viss du kjem
når mørket fell
seint og natta snur
seg bort og alle mine lys skin
og alt eg treng er smaken din
slik alle menn lengtar
når det brenn og brenn og rusen
spinn og spinn, hendene dine
i ansiktet mitt, silkekjole
og svarte slør over kjønn og lår, kyss
meg, kyss for meg
kor enn du brenn
eg kjem igjen
og snur meg bort
når du vil fly din veg
vent, vent
til eg vaknar i ein framand by
med frost frå daude munnar
på leppene, surr, surr
meg varm igjen
og viss du går
kan vi dele smaken
den bitre, som kvae
og ringer du, ringer du på
skal eg sleppe deg inn, sleppe deg
heilt inn


(inspirert av Madrugadas Honey Bee)

Hah!

27.6.08

Ei korg av gull

25.6.08

Det er rart med det










- når ein i eit anfall av overmot hiv seg i støvsuginga, og må legge seg nedpå etterpå.
- Eller stablar inn i oppvaskmaskina, og må legge seg nedpå etterpå.
- Eller sorterer nyvaska klede, og må legge seg nedpå. Etterpå.
- Eg trøster meg med at det går over. Heilt sikkert.
- Og imens leiker eg meg med bloggdesign. Det krev ikkje meir enn å sitte heilt i ro.
- Og etterpå kan eg legge med nedpå. Igjen.

23.6.08

20.6.08

Dagens tips: Wordle


Du kan leike deg her.

17.6.08

Og mens eg er i manneblogginga


Snart hjem han
til ei bukt
nær meg.

Agurknytt


Dette melder nrk.no.
Nokre av oss er glad for begge delar.

16.6.08

Mens vi ventar ...



Når temperaturen ute ikkje fristar til meir enn å kneppe opp ein knapp eller to, er det berre å leite i arkivet. Ho var fire, øya var grøn og havet – havet låg der og venta.

To veker igjen, så er det ferie!

Blomstring i midnattssol

8.6.08

Nattlys