Viser innlegg med etiketten blogging. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blogging. Vis alle innlegg

27.10.10

Rebus

29.12.08

Kroppsleg prosa



Ho har fått mange flotte kritikkar og er ein bloggar eg må innom dagleg. Før jul fekk eg boka hennes i posten. Det er eg glad for.

For Ingen må vite er god. Like god som historia er vond. Den om Ingeborg med det raude håret som stefaren Gabriel druknar fyllepusten i. Når det var Mikkel som skulle gjere det. Med ung ande. Forsiktig.

Likevel forelska eg meg mest i språket. Pulserande og kroppsleg prosa, rik på poetiske vendingar som hogg, som dreiv meg framover, som fossen Ingeborg går for nær.



Regnskyene siglar med tunge segl.

Ho veit ikkje når ho får sjå han igjen.

Ho går ut til klatretreet og lener seg inntil stamma. Legg

armane kring treet og lèt regnbya skylje over kroppen. I

lomma ligg den runde steinen.


Regnvatnet fløymer stritt nedetter kinna, bløyter kleda.

Renn frå håret og iskaldt ned i nakken.

Ho legg munnen inntil stamma.

Først berre dei stramme leppene. Så skil ho dei og

smaker. Smaker regn og jord. Ho strekk ut tunga og slikkar

borken. Grove, grådige slikk.


Ho er eit tre.

Han er eit tre til å slikke på.



Her er Aina. Her er Flimre.

Ps. Det merkelege er at eg har følgt Flimre lenge. Heilt frå ho skreiv festlege sekvensar om møte med kjendisar i Tigerstaden. Og brått hadde ho gitt ut bok. Artig! ds


13.7.08

Argh!

No har eg prøvd fleire kveldar på rad å finne ut korleis ein lagar sitatteikn i bloggen, men eg får det ikkje til!

Det skal visst vere veldig lett.


Liksom.

13.5.08

Eit bilde kvar dag er ein fin ting



Dagleg dose finn du her.

2.5.08

Gå inn til Liselotte


og slakt ei hellig ku.
Ein av dei finaste bloggane eg les. Ho er så flink. Sjå!

11.6.07

Det går tregt


med skriving, lesing, fotografering og blogging for tida.
Eg kan ikkje skylde på godt ver, men på eit hus som skal bli nokre kvadratmeter større.
I'll be back.

1.1.07

Eg valde meg grå

Kvar gong eg har logga inn i bloggen min dei siste månadene, har eg tenkt: No. No skal eg byte. No skal eg la meg lokke inn i den ukjende verda som lovar nytt design og mulegheiter. Men eg er ei sta dame. Og litt redd for alt eg ikkje kjenner. Tekniske ting. Noko kan jo berre slutte å fungere. Sjølv om dei lokkar med gull og fargestiftar til.

Så gjekk det heilt fint. Heilt fantastisk fint.
Schmokk. Schmakk.
Det er smart å vente til beta er ute av verda.
Og no ligg eit heilt år og ventar.
Blankt og grått.
Grå er ein fin farge, ikkje sant?

11.11.06

Lite å finne på?

Vel, her er litt tidtrøyte. Viss du vil vite korleis verda såg ut då du blei fødd.


Your birth tree is

Poplar, the Uncertainty

Looks very decorative, no self-confident behaviour, only courageous if necessary, needs goodwill and pleasant surroundings, very choosy, often lonely, great animosity, artistic nature, good organiser, tends to philosophy, reliable in any situation, takes partnership serious.