Viser innlegg med etiketten lesetips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lesetips. Vis alle innlegg

11.6.09

Frå bok til bok

Det er ofte sånn. Ei bok leder til den neste.
Denne gongen var det Tordis Ørjasæters Dagen og dagene som lenka meg vidare til Tre dagbøker av Ingmar Bergman og dottera Maria von Rosen. Korfor? Fordi Jo hadde omsett boka. Og i dagbøkene skriv Maria at ho les Ulla Erikssons Boken om E - som Bille August bygde på i En sang for Martin.




Foto: worldwideweb

Ikkje akkurat lysteleg lesing, kva tema angår, men der er eg no. I verkelegheita. I Boken om E.


Foto: worldwideweb

Fiksjonen kjem vel etter kvart.

13.3.09

Kvinner om kvinner


I siste nummer av Dag og Tid har vekeavisa "utfordra kvinnelege forfattarar til å setja opp lister med fem kvinnelege kollegaer, norske nolevande forfattarar, og kort grunngje kvifor desse forfattarane fortener fleire lesarar".

Svara finn du HER.

Ser eg litt til venstre på skjermen, har aktuelle Bildøen plass på nattbordet, men elles er det flest mannfolk på leselista mi. Litt tilfeldig, men ikkje heilt, kanskje.

Så eg spør: Kven er dine fem kvinnelege favorittforfattarar? Og kva for ei bok eg berre lese?