Kvinner om kvinner
I siste nummer av Dag og Tid har vekeavisa "utfordra kvinnelege forfattarar til å setja opp lister med fem kvinnelege kollegaer, norske nolevande forfattarar, og kort grunngje kvifor desse forfattarane fortener fleire lesarar".
Svara finn du HER.
Ser eg litt til venstre på skjermen, har aktuelle Bildøen plass på nattbordet, men elles er det flest mannfolk på leselista mi. Litt tilfeldig, men ikkje heilt, kanskje.
Så eg spør: Kven er dine fem kvinnelege favorittforfattarar? Og kva for ei bok må eg berre lese?





7 kommentarer:
Dette var veldig interessant lesing. Eg fór før avisa kom i dag, så eg hadde ikkje sett dette enno.
Eg bit meg merke i at fleire tilrår dei same namna: Marit Tusvik, Ingrid Z. Aanestad, Kristine Næss, Mona Høvrig og Tonje Røed. Og eg tenker at det i seg sjølv gjer at eg må lese desse forfattarane, for det har eg nemleg ikkje gjort!
Eg fekk lyst til å lese Tonje Røed, både Høvring og Næss har eg lest litt av.
Imens tenker eg litt på dei kvinnene som betydde mykje for meg då eg begynte å skrive. Eg må leite fram ei liste, trur eg. Marie Takvam er ei av dei. Og ho Inger, sjølvsagt.
Hanne Ørstavik
Virginia Woolf
Trude Marstein
Bjørg Vik
Eva Jensen
Forslår at du leser Til Fyret av V. Woolf om du ikke har lest den allerede.
Dette er ikke fem kvinnelige favorittforfattere, dette er fem favorittforfattere.
Takk for innspel, Anita. Ørstavik slit eg litt med, det blir for tungt og sakte, Woolf har eg lese skammeleg lite av (men eg elska The Hours), Marsteins siste likte eg godt og Bjørk Vik las eg det meste av då "eg var ung". Eva Jensen sine bøker for dei minste er flotte.
Og så gler eg meg til å lese nyboka di! Kva er lanseringsdato?
"The Hours" er herlig, har sett den flere ganger.
Lanseringsdato er satt til 21. april :)
*notert*
Fin smakebit på bloggen din, men eg saknar å kunne kommentere det fine du deler. *snufs*
Jeg savner også kommentarene - foreløpig får jeg bare en lenke, men ikke noe sprettoppvindu når jeg limer inn kommentarkoden i malen min, men skal nok få det til etter hvert.
Legg inn en kommentar