Stella står i ro
Stella står i graset. Ho står i ro. Stella står midt på plenen og øver seg på å vere god. Øver seg på å overvinne det grøne graset som strekker seg frå gjerdet ned mot vegen og opp att til garasjen. Det kvitmåla gjerdet som rammar inn det kvitmåla huset Stella ikkje skal sove i.
Stella skal sove ute. Stella skal sove åleine under stjernene. Far hennes har sett opp teltet, banka teltpluggane ned i jorda med hamrande hender, det gjekk så lett og jorda var fuktig og teltet er ein v på hovud over Stella og Stella skal sove der, under ein v skal Stella sove, åleine i ein sovepose av dun skal ho sove, og Stella skal trekke glidelåsen i teltduken heilt ned før ho kviskrar god natt og ho skal trekke glidelåsen i soveposen heilt oppunder nasen når ho høyrer buldringa frå oska som kjem og ho skal sjå eit kvitt blaff gjennom teltduken når lynet flerrar himmelen, og Stella skal ligge heilt stille og ho skal drøyme at ein dag kjem mor hennes tilbake og opnar teltduken og seier at denne gongen skal ho vare lenge.









