31.7.05

Mor mi er eit museum (oppgåvedikt)

Eg skrur ned skiltet til berre pikenamnet står att. Så skriv eg
døra av hengslene. Ho er så lett og eg er tung og saman er vi
mønsteret i mørtelen. Muren er ein roman for dei langsame.
Nokon har bore kapittel heilt hit. Kanskje kom dei frå havet,
frå fjæra vassa dei i land med blyge bryllaupskyss og barneskrik,
kister og kalosjar og korsa seg under skomakarfjellet. Ho grov
i jord, planta løytnantshjarte attmed husveggen og tørka dei
under blusen. No pressar dei orda tettare saman. Eg kiler eit strå
inn mellom dei to minste steinane og tek imot veggane med mjukt
viskelær. Permen brettar eg til eit tak. Så malar eg auga mine grøne,
klatrar opp på fjellet og ventar på betalande gjestar.

30.7.05

Dotterdikt

26.7.05

Sommargjesten

Gjesten

Lenge før kvelden
tar han inn hos deg, han
som byttet hilsen med mørket.
Lenge før dagen
våkner han
og lar, før han går, en søvn flamme opp,
en søvn gjennomrystet av skritt:
du hører ham vandre lang borte
og kaster sjela di dit.

Paul Celan

17.7.05

Eg velter meg ut av draumen

Eg velter meg ut av draumen, han luktar sæd, sveitte og søvn og
kler på meg livet Nei, ikkje livet, ikkje det store, stygge livet kledd i
gråvaska truser og makkoskjorter, klisjear så lange at armane
forsvinn inn ved olbogefestet, nei, nyvaska ligg livet der, for
sensitive skin, så glatt at du ikkje treng stryke morgonen mildt mot
panna, stikke ein arm inn i den første strålen av lys, av sol, av
spindelvev mot huda når du opnar døra ut mot graset du tråkka så
hardt i går kveld mens det dogga, mens du såg at du måtte klippe
stråa med ei anna skrift, den feite, som mold og botnslam nedst i
hjartet, rake deg ut, stripe for stripe, som fotballbaner i Spania der
helikoptra surrar som svarte fluer over hooligans og hestane
galopperar med nystrokne ryttarar og piskar alle inn, inn i skuggen
der livet ventar som dovent øl og du skjular ein rap og ei kløft med
høgre hand og du kjenner lukta av sveitte og sæd og du dormar
der, i skuggen og drøymer om ein lang korridor og eit kort skjørt og
sitringa i fingertuppane vekker ein døyande toreador

15.7.05

Closing Time


rainy day Posted by Picasa


There was no tomorrows, we'd packed away our sorrows
And we saved them for a rainy day.

14.7.05

Baby Q, yeah!















I serien: ”Kva gjer vi når det regnar?” (jo, vi kjører visakortet varmt) presenterer eg no vår nye Weber Baby Q (for eit namn!), gassgrillen i førstedivisjon som tryllar fram dei lekraste rettar av marinert indrefilet, kylling, laks, steinbit (ikkje godt) pølser med meir. For knappe to tusenlappar har vi no smaken av sommar kvar dag, sjølv når det regnar djevlar og kattungar over mor, far, avkom, hus, platt, vinterhage og plen.

Ps: På bildet skein sola så det gjorde ondt.

12.7.05

Skjør kjærleik

Have I told you lately that I love you..?

11.7.05

Har du ei ledig fil?


Han heiter Asono og har nettopp komme i hus. Kjærastar vil eg ikkje påstå at vi er, enno, men utelukke det heilt vil eg heller ikkje. Akkurat no ligg han og lyser blått frå eit punkt på magen, godgjer seg med straum frå laptopen. Ein song har eg klart å få i han. Ikkje verst bare det. Men han har visst nok plass til eit heilt festmåltid. Sorga er at Waterboys-plata eg lasta over på pc-en for å mate inn i nyvinninga, ikkje kom ut i mp3-format.

Om eg veit kva eg skriv om?

Ikkje heilt. Det er derfor vi bare er litt avstandsforelska, Asono og eg. Enno.

Ps: Det bilhjulet til venstre kan eg ikkje forklare. Eg reknar med at det er ein mann som har laga annonsen.

Pssst: Har du ei ledig fil av den rette velklingande sorten? Eg og Asono sultar.

9.7.05

Midifila - på oppfordring


Anonym som eg er, hadde eg ikkje trudd at eg skulle få oppleve ei bok-meme med mitt namn på, men der tok eg skammeleg feil. Og når gode Frk. Hansson i fjerde ber, svarer eg med glede:


Kor mange bøker eig du?

Det veit eg ikkje. I hylla bak hovudet mitt som vel er fire meter, står dei på rekke og rad. Så er det bokreolen på den andre sida av stua, frå golv til tak er det fullt, så er det bøkene uti gangen og på soverommet og i boden i esker og uti garasjen i esker og på loftet heime hos far min. Mange. Altfor mange meiner han eg elskar. Og enda elskar eg han.


Siste fem kjøpte bøker?

Huff, den er litt ekkel. Jobben gir meg lett tilgang til bøker, så dei bøkene eg kjøper gir eg oftast bort i gåve. Men eg var på biblioteket sitt boksal for ikkje så lenge sia, dei selde mellom anna diktsamlingar for ti kroner stykket. Eg kjøpte atten og skulle gjerne kjøpt åtti. Eit utval:

Geir Gulliksen: Voksne dikt
Nils-Øyvind Haagensen: Hender og hukommelse
Ellen Einan: Innenfor og utenfor er ett
Gunvor Hofmo: Etterlatte dikt
Tale Næss: Hummermørke
Brit Bildøen: Bilde av menn
Oddmund Hagen: Bort, bort frå dette
Øystein Orten: Havflammen


Den siste boka eg las?
Tore Renberg sin roman Kompani Orheim som hermed er varmt anbefalt! Sår, artig, sterk, truverdig om å vekse opp med ein alkoholisert far

5 bøker som har betydd mye og som eg har lese meir enn tre gonger

Eg les ikkje bøker meir enn ein gong. Vel, det er vel ikkje heilt sant. Bøker eg skal skrive om les eg om igjen. Og diktbøker kjem eg alltid tilbake til, men elles? Eg har ikkje tid. Det er så mange andre eg vil lese. Men eg hugsar sterke opplevingar som ung kvinne i selskap med bøker skrive av forfattarar som Marge Piercy, Lisa Alther, Marilyn French. Og Marie Takvam og Inger Hagerup. Særleg dei.

Oppfordre fem personar til å lage sin eigen bok-meme:

Her melder eg anonymt pass. Frk. Hansson har allereie gjort det!

7.7.05

Ho kom, ho kom


Nattsol Posted by Picasa

Sola og bølja og natta vi ikkje kunne gå og legge oss, men flyte på den blanka flata av hav og gå i land der sauene bjella skogen grøn mens vi kviskra om den første natta, den aller, aller første.

1.7.05

Vi snakkar om alt vi snakkar om

der og da seier vi ikkje så mye, vi står under ei bjørk som kastar
smal skugge, eg har ei raud begonia i handa som treng jord og du
har eit kamera i lomma, vi har vore redd for regnet lenge, vi er så
våte frå før og det er så stille mellom oss og benken på den andre
sida og kanskje tenker du som eg at det hadde vore godt å kvile
der og lese namna på alle som har levd mens himmelen pudrar
seg med små skyer og store fly løftar vengene som om ingen ting
har hendt, som om ho aldri sa at å drikke åleine var eit dårleg teikn
og vi lo men vi hugsa det kvar gong vi tok ei øl ut av skapet ein sein
kveld mens sola skein etter ein dag full av regn og ho sa det var eit
dårleg teikn, hugsar du, spør eg med munnen full av mold og du
svarar at du ikkje kan gløyme at kista ligg skeivt