Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg

2.4.11

Apropos bøker



Jeg har fått ny bokhylle i stua.
Den eneste. Etter at vi renoverte og alt havnet på kontoret og uti gangen. Livet er fullt av kompromisser. Og smutthull - som este ut. Fant kriker og kroker inni stua. Løftet inn igjen av usynlige hender og forlagt i vinduskarmer og mørke hjørner. Rød hylle. Finn.no-debut. Ha!

31.1.10

Å ta seg bok over hodet

 

Det har jeg gjort.

Denne biografien er påbegynt.












 

Men så burde jeg kanskje lese denne først?












 

Og denne har jeg begynt på. Men så ramlet jeg litt av fordi det kom en festival.













 

Og så kom jeg over posen fra biblioteket der også denne lå, og nå er jeg solid på etterskudd med lånetida...
















... og snart kommer denne: 













Gi meg lesestyrke!

25.9.09

"Forfatteren og tingene"




Interessant radiointervju med Karl Ove Knausgård: "Forfatteren og tingene".

Eg har vore pjusk. Eg har lege på sofaen under eit pledd og lest Min kamp.
Eg kjenner meg som ein narkoman.
Eg vil ha meir. No.

Sjølvsagt er det ikkje alt som er like briljant i romanen (dei lengre partia som flyt ut i essayistisk kunstprat og filosofi gjer meg utålmodig - og seier kanskje mest om meg, og den irriterande bruken av ordet likesom), men så er det altså tonen, dirringa, det hudlause, det som gjer meg som lesar på vakt, det inngåande - i sjel og prosa og liv og dikting. Sukk, sukk.



Interessant blir det også å følgje dette aspektet.
For kor går grensene for kva ein kan skrive når ein skriv om dei som står ein nærmast?

Elles kunne det vore kjekt å sitte i salen på Lindehuset 8. oktober når Knausgård skal samtale med Tore Renberg om sin forfattarskap, litteraturen og livet.

8.8.09

Skrive for ikkje å gløyme





Eg hadde gløymt kor vått regn er.
I dag kan eg skrive. For ikkje å gløyme. Orda. Bøkene. Dei eg har møtt i sommar.
Eg har ikkje lest så mykje som eg hadde tenkt, men det er liksom typisk meg.
Eg er som ei bølje av leselyst, og den bølja varar og varar - ei tid - før ho flatar ut, og ender i kryssord.

Nu vel.

Noko djuptpløyande samandrag av sommarlektyren blir det ikkje, (eg er litt rastlaus), men eg likte Marit Tusvik si bok Sigrid Finne - og aller mest likte eg bokas andre del, når historia går tett på mora. Og eg liker forteljarstilen, innsmetta av notid og forfattarens kommentarar:

Hun ser forskrekket på skriveboken i fanget mitt: Blir detså kort alt det svære som hun nettopp sa?
Ja, sier jeg. Nå begynner det å bli bra.

Det er bare å ta fram superlativene ... skreiv Cathrine Krøger i Dagbladet om Hjulskift av Vigdis Hjort.
Eg kjeda meg og skumlas meg gjennom historia om litteraturprofessor Louise som forelskar seg i ein bilseljar. Ganske tørt og gjentakande.

Anslaget i Selma Lønning Aarøs Venstre hånd over høyre skulder gjer meg nysgjerrig. Eit par står og kyssar. Plutseleg spring han uti vegen og blir treft av ein bil. Og kva gjer kvinna? Jo, ho går.

Eg likte å vere i romanen, gå i lag med karakterane, i lag med Helen og Simon, og Alma med det øydelagde ansiktet og Elvira som "skriver det bare slik det var så får du tro hva du vil".

Nokre få ord om Cecilie Engers roman Brødrene Henriksen, om Axel og Ben som ser noko stige til vers, og berre halvparten kjem tilbake. Fin roman om mellom anna å leve opp til andres forventningar, og om å finne seg sjølv, sitt eige spegelbilde i verda.

Og til sist - fine, fine Dagbøker i stein.

Min mors navn var Mercy Stone Goodwill. Hun var bare tredve år gammel da hun ble syk, en kokende het dag mens hun sto der på kjøkkenet sitt på baksiden av huset og laget brødpudding til sin mann, som han skulle få til middag.

Slik begynner boka. Året er 1905, og Mercys dotter Daisy Goodwill skal vi få følgje lenge, lenge. Carol Shields byr på ei rik forteljing, det er lukt og smak, det er skiftande landskap og skiftande kjensler, og ikkje minst eit rikt og spanande persongalleri.

I ferien har eg også begynt på Maskeblomstfamilien (Lars Saabye Christensen), Herre (Niels Fredrik Dahl) og dessverre ikkje fått fatt i Rebecca Miller: Pippa Lees hemmelige liv.

Ei ferieveke att. Eg får ikkje lest meg gjennom heile bunken, men bokhausten er lang. Og ny. Og kanskje skriveklar.

11.6.09

Frå bok til bok

Det er ofte sånn. Ei bok leder til den neste.
Denne gongen var det Tordis Ørjasæters Dagen og dagene som lenka meg vidare til Tre dagbøker av Ingmar Bergman og dottera Maria von Rosen. Korfor? Fordi Jo hadde omsett boka. Og i dagbøkene skriv Maria at ho les Ulla Erikssons Boken om E - som Bille August bygde på i En sang for Martin.




Foto: worldwideweb

Ikkje akkurat lysteleg lesing, kva tema angår, men der er eg no. I verkelegheita. I Boken om E.


Foto: worldwideweb

Fiksjonen kjem vel etter kvart.

28.1.09

Styrtet engel






Eg las Per Pettersons Jeg forbanner tidens elv, og kjeda meg.
Eg som elska Ut og stjele hester, klarte ikkje å kjenne meg heime i den nye boka. Ho flagra for mykje i tid og stad, eg fann ingen å identifisere meg med, og dei eg fann interesserte meg ikkje. Eg lengta etter noko eg ikkje fann, rett og slett.

Så kom Et annet liv. PO Enquist si skildring av sitt liv. Men så mykje meir enn ein sjølvbiografi.
Vakker prosa, rett nok litt snirklete setningar som kan ha si forklaring i oversettinga, men som gjer at eg stoppar opp, smakar på orda som syg meg fast like mykje som livet syg meg fast, hudlaust, til å flire av og lese høgt frå og kjenne seg trist av.

Og ikkje minst; spenninga i å få følgje ein forfattar som skriv om å skrive, og som har opplevd så mykje, som har så mykje å skrive om.

Det triste er alltid å skulle begynne på ei ny bok etter ei sånn leseoppleving. Eg vegrar meg. Trøysta er alle bøkene han har skrive. Og som eg no skal gå på biblioteket og leite etter.
Styrtet engel. Eg trur eg startar der.


Foto: Mattias Ahlm/SR

14.1.09

Dei skumle kveldane











Dei kan vere det, kveldane.
Og augene kan bli så tunge.
Og lysta så stor. På noko fint.
På noko å glede seg til.
Og nettet er så nært
og bøkene så mange.
Berre eit klikk unna.
Som denne.
Bestilt.

8.1.09

Leselyst




Desse ventar eg på, til inspirasjon i det nye året!

2.1.09

Meir frå Amerika





Eg les framleis i Amerikanske tilstander:

All books are like this; they stand shoulder to shoulder in the library stacks; perhaps they are "popular" at first, perhaps not, but eventually they stand anonymous, unread, forgotten; and that is how it should be, for that is how it is with lives.

William T. Vollmann, The Rifles

1.1.09

Søppelsamlar



(...) Skjønnlitterære forfattere er søppelsamlere. De er metalldetektorer, de tar med seg alt som skinner og virker interessant. Selvfølgelig bruker man andre skribenters historier. Og hvis moren din sier noe, eller din gamle venn fra videregående sier noe som kan være interessant, kan man ta deler av det og bearbeide det. Det er alt sammen et lappeteppearbeid, et stort pledd som man hekler i hop.



Slik svarar forfattaren Lorrie Moore i boka Amerikanske tilstander på spørsmålet fra John Erik Riley om ho nokon gong bruker andre sine historier, eller ting frå aviser, små notiser i skrivinga si?

Måtte 2009 bli eit godt år for alle skrivande søppelsamlarar!

Bildet fann eg her.

29.12.08

Kroppsleg prosa



Ho har fått mange flotte kritikkar og er ein bloggar eg må innom dagleg. Før jul fekk eg boka hennes i posten. Det er eg glad for.

For Ingen må vite er god. Like god som historia er vond. Den om Ingeborg med det raude håret som stefaren Gabriel druknar fyllepusten i. Når det var Mikkel som skulle gjere det. Med ung ande. Forsiktig.

Likevel forelska eg meg mest i språket. Pulserande og kroppsleg prosa, rik på poetiske vendingar som hogg, som dreiv meg framover, som fossen Ingeborg går for nær.



Regnskyene siglar med tunge segl.

Ho veit ikkje når ho får sjå han igjen.

Ho går ut til klatretreet og lener seg inntil stamma. Legg

armane kring treet og lèt regnbya skylje over kroppen. I

lomma ligg den runde steinen.


Regnvatnet fløymer stritt nedetter kinna, bløyter kleda.

Renn frå håret og iskaldt ned i nakken.

Ho legg munnen inntil stamma.

Først berre dei stramme leppene. Så skil ho dei og

smaker. Smaker regn og jord. Ho strekk ut tunga og slikkar

borken. Grove, grådige slikk.


Ho er eit tre.

Han er eit tre til å slikke på.



Her er Aina. Her er Flimre.

Ps. Det merkelege er at eg har følgt Flimre lenge. Heilt frå ho skreiv festlege sekvensar om møte med kjendisar i Tigerstaden. Og brått hadde ho gitt ut bok. Artig! ds


26.12.08

Oppslagsverk?



... eller berre kontoret mitt ein gong i framtida når bokhyllene skrik og jamrar seg og ikkje klarer meir?

Akkurat no er det ganske ryddig der, viss ein ser bort frå julepapir og saks og band og merkelappar og tause tankar og ein stabel bøker på pulten, bøker eg skulle ønske eg hadde tid til å lese. Litt på ein gong. Sukk.

2009 - blanke skriveark og ord som ventar!

Bildet fann eg her.

12.11.08

Takk, Garmann!

Ho har knekt lesekoden, men litt for ofte kjem Hannah Montana først. På tv.

No har ho fått beskjed frå skolen om at ho må ha ei lese-heime-bok. Eg har lirka og lokka, men entusiastisk skal eg ikkje påstå at ho har vore.

- Ikkje no. Ein annan dag. Seinare. Har ho sagt og forsvunne inn i tv-verda.

Men det var til eg henta fram Garmanns gate.

”Roy i fjerde sier at Frimerkemannen er en jævel”.

- Oææh!

Ho stavar seg sjokkskadd gjennom fy-ordet.

”At han dreper kattunger.”

- Han e slem, han, mamma!

Meir skulle det ikkje til. Takk, Garmann. Takk, Stian Hole.

Vi er så heldige å ha mange sider igjen.

19.10.08

Noko å ønske seg




Vi har ei ledig krå i stua. Planen er å sette to stolar der.
Dette hadde vore noko å ønske seg for lange haustkveldar.

17.9.08

Fin fyr


Og ein av mine favorittar i sjangeren har han vore lenge, lenge.
I Kolbein Falkeid - et nærbilde samtalar han høgt og lågt med Ketil Bjørnstad.

Kona Siggen, møtte han slik:

"Jeg lå og sov med hodet på pulten på lesesalen. Noen banket meg på ryggen. Jeg snudde meg og så at det var henne. Senere var det bare oss".


Slik vil jeg huske deg! Sittende nederst i rommet
med blikket yndig buet ned mot bøkene -
de tause, tålmodige bøkene på bordet
med armeer bokstaver som bød deg lese.
Slik vil jeg huske deg. Først slik -
Og ditt hår som alltid syntes nyvasket
og pikelig pjusket over nakken, der
dine hvite fingre forgjeves søkte
en eneste ensom
antydning til krøll!

Først slik.
Og siden -
med blikket boret inn i en uutgrunnelig
blå oktoberhimmel bak rommets eneste rute -
Slik vil jeg huske deg!
Og meg selv vil jeg huske -
nær deg i rommet
og i bøkene -
med fjern og fremmed overfor
det eventyret du leste
i oktoberhimmelens blå bok.


"Studie fra lesesalen". Gjennom et glass-skår (1962)
- debutboka.

27.5.08

Fra LE SPLEEN DE REYKJAVIK (I)

Minnet om først å ha kysset det høyre brystet, dagen etter det
venstre og siden begge. Og så om den dagen da vi omfavnet
hverandre skamløst, da du ikke lenger var redd for at forholdet
vårt ble kort. Alle dagene som da lå foran, de svundne dagene,
de stimer mot meg. Kyss og favntak, men også forbitrelse
og adskilthet. Ingen får bare uendelig lykke og følelsene
dovner til tross for den evige kjærlighet. Men rommet som var
vårt første tilfluktssted er fremdeles verdens sentrum. Kysset
på det høyre brystet svever over hustak og blir til måne på
himlen der jeg vil bo. Jeg velger å leve blant kyss, omfavnelser
og nakenhetens skamløshet.


Storm
er et vakkert ord
Jóhann Hjálmarsson
gjendikta av Knut Ødegård

13.5.08

Lesetips
























Mange godord om denne romanen. Eg er spent.
Og litt forvirra av folk på side 21.

21.4.07

Så var også eg hekta

Det tok litt tid. Noko bremsa liksom opp i meg.
Alle snakka om det same og meinte det same. Det var bra! Du vil ikkje tru det!
Ville eg ikkje?

Så kom Mammut-salet og sidan eg ikkje eig motstandskraft når det er snakk om bøker, kom Ragde i hus. Og eg er hekta på Tor og Torunn og Margido og Erlend og Krumme og lengtar etter å Ligge i grønne enger til hausten.





God bok



ingen spor i sanden, som om ingenting har hendt, som om ingenting
ennå har hendt, bortsett fra denne ene skoen, om det er en herresko
eller damesko, en høyre eller venstre, barn eller voksen, er umulig å si, er umulig å se, bare vristen er synlig nå, en fold i sanden




Frå Den arktiske drømmen.
Tekst: Lars Saabye Christensen
Foto: Trym Ivar Bergsmo
Les meir her.