Skrive for ikkje å gløyme

Eg hadde gløymt kor vått regn er.
I dag kan eg skrive. For ikkje å gløyme. Orda. Bøkene. Dei eg har møtt i sommar.
Eg har ikkje lest så mykje som eg hadde tenkt, men det er liksom typisk meg.
Eg er som ei bølje av leselyst, og den bølja varar og varar - ei tid - før ho flatar ut, og ender i kryssord.
Nu vel.
Noko djuptpløyande samandrag av sommarlektyren blir det ikkje, (eg er litt rastlaus), men eg likte Marit Tusvik si bok Sigrid Finne - og aller mest likte eg bokas andre del, når historia går tett på mora. Og eg liker forteljarstilen, innsmetta av notid og forfattarens kommentarar:
Hun ser forskrekket på skriveboken i fanget mitt: Blir detså kort alt det svære som hun nettopp sa?
Ja, sier jeg. Nå begynner det å bli bra.
Det er bare å ta fram superlativene ... skreiv Cathrine Krøger i Dagbladet om Hjulskift av Vigdis Hjort.
Eg kjeda meg og skumlas meg gjennom historia om litteraturprofessor Louise som forelskar seg i ein bilseljar. Ganske tørt og gjentakande.
Anslaget i Selma Lønning Aarøs Venstre hånd over høyre skulder gjer meg nysgjerrig. Eit par står og kyssar. Plutseleg spring han uti vegen og blir treft av ein bil. Og kva gjer kvinna? Jo, ho går.
Eg likte å vere i romanen, gå i lag med karakterane, i lag med Helen og Simon, og Alma med det øydelagde ansiktet og Elvira som "skriver det bare slik det var så får du tro hva du vil".
Nokre få ord om Cecilie Engers roman Brødrene Henriksen, om Axel og Ben som ser noko stige til vers, og berre halvparten kjem tilbake. Fin roman om mellom anna å leve opp til andres forventningar, og om å finne seg sjølv, sitt eige spegelbilde i verda.
Og til sist - fine, fine Dagbøker i stein.
Min mors navn var Mercy Stone Goodwill. Hun var bare tredve år gammel da hun ble syk, en kokende het dag mens hun sto der på kjøkkenet sitt på baksiden av huset og laget brødpudding til sin mann, som han skulle få til middag.
Slik begynner boka. Året er 1905, og Mercys dotter Daisy Goodwill skal vi få følgje lenge, lenge. Carol Shields byr på ei rik forteljing, det er lukt og smak, det er skiftande landskap og skiftande kjensler, og ikkje minst eit rikt og spanande persongalleri.
I ferien har eg også begynt på Maskeblomstfamilien (Lars Saabye Christensen), Herre (Niels Fredrik Dahl) og dessverre ikkje fått fatt i Rebecca Miller: Pippa Lees hemmelige liv.
Ei ferieveke att. Eg får ikkje lest meg gjennom heile bunken, men bokhausten er lang. Og ny. Og kanskje skriveklar.





6 kommentarer:
Hei du.
Synes du har lest mye jeg.
Hjulskift synes jeg var ganske dårlig. Litt synd, for jeg likte tema. Jeg er veldig glad i romantiske bøker.
At du likte Carol Shields er hyggelig å lese. Den boka har vært en av de store leseopplevelsene mine i år.
Jeg er råimponert over alt du har fått lest denne varme sommeren.
Cecilie Engers roman hørtes fin ut!
Eg likte også Sigrid Finne. Ei fin og upretensiøs bok, på eit vis. Høyrest ut som du har hatt ein god lesesommar. Kos deg vidare, med hausten.
Godt nytt er det at du skriver igjen :)
Nå fikk jeg veldig lyst til å lese Selma Lønning Aarøs roman.
Anita
Så fint at leseglede smitter!
Eg har såvidt starta på Hakkepølsa og er ganske fascinert. Litt yrkesskade også, kan eg tenke meg.
No kan godt hausten komme sakte og stille og tenne lys når mørket sig på, sånn litt av seg sjølv. Det hadde vore fint.
Hei Midifila. Kommer du snart tilbake?
Legg inn en kommentar