Kva er ditt vakraste kjærleiksdikt?
... spør Bai i Boklesebloggen.
Det er ikkje mitt, men Knut Ødegård sitt.
Alt dette
Når vi vert gamle, du,
og kråkene kjem for å ta oss
(kra-kra, og så borte
i eit vengeslag mot lufta)
kvar er vår kjærleik då?
Kvar er då denne mannen som seier
noko om ein sprukken kaffitraktar, rust på bilen, hjarte-
sjekk, ei plombe som er ramla ut, telefonrekninga
eller (romantisk) om månen gul
og rognetre som blømer, som bortforklarar alle kvite
løgner, svik, og det han ikkje maktar seia om barnet
vi ikkje fekk og som smeltar
saman med din i kyss.
Eller desse augo som stirer på den grøne dataskjermen dag
ut dag inn og som ser på deg når du kler av deg mot kvelden: Du
sløkkjer blygt og står som silhuett med mogne bryst
og lår mot lyset som siv tynt
inn vindauga frå det koboltblåe Islandshavet.
Eller desse hendene som skriv og skriv, set
snøskuffene på plass og stryk deg
over lemmene til du brinn og vil ha meg
som stangande kraft mot demningar, og eg brest
fossande inn i deg i di bortopererte
livmor her i Reykjavik?
Kvar er alt dette som vi kallar kjærleik
når kråkene kjem?
For dei tek oss ikkje saman. Ein av oss
ligg fyrst der ute på det snøskitne jordet
ved havet (gult fjorårsgras, ròten vårsnø)
når dei svarte kråkene kjem og pikkar i munnen,
i augo, i hendene og kjønnet.
Den av oss som då er att innanfor vindauga, kjære,
som vaknar om morgonane og gjer alt
det vi er fortrulege med. Hentar inn Morgunbladid som sit i
postsprekken. Som opnar kranar
og ser seg i spegelen: Ser den av oss då noko meir
enn sitt eige andlet der? Vil då det andre andletet
lysa gjennom andletet i spegelen, slik forlatne hus
står og lyser ved havet?





13 kommentarer:
Det var vakkert.
(Eg meinte forresten ikkje "ditt" i bokstaveleg meining, men eg ser at formuleringa var uheldig).
Det skal mykje til å overgå dette!
Olava
Eg forstod det, Bai:)
Olava: Det er eit rått og vakkert dikt.
Ble rent satt ut jeg,har aldri hverken hørt eller lest det før, men er enig i at dette var et rått med du verden så vakkert dikt
Eg rekna med at du skjønte deg - eg bare innsåg at eg hadde formulert meg dårleg, likevel.
Flott dikt av den mest oversatte norske poeten.
Anbefaler forresten den siste diktsamlinga hans på det varmeste.
Irene
Så fint at dokker også likte det.
Irene: Skal lese den siste diktsamlinga når det kommer daga der ingen og intet kreve nokka:)
Det var skjeldent fint. Kjenner jeg må se mer på Knut Ødegård :) Hvilken samling er det fra?
Du finn diktet i "Kinomaskinisten".
Fint å sjå deg her:)
Takk for tips - Kinomaskinisten er nå bestilt hos antikvariat. Forresten: Tegner du selv på siden din? Veldig fin strek!
PS. Jeg har akkurat tatt en tur i min egen lyrikkhylle, kanskje noe for deg å sjekke ut? Se:
http://mittsnitt.wordpress.com/2010/02/28/ut-pa-tur-3-pa-lyriske-stier/
Banneret har eg laga sjølv, i photoshop. Det er alt eg kan skryte av:) (Det meste elles er stole på ærleg vis.
Takk for lenka. Skal lese!
Fikk Kinomaskinisten i postkassa i dag. Ødegård er jo helt glimrende! Jeg ble sugd inn på første side. Her har jeg virkelig gått glipp av noe. Tusen takk for tips!
Legg inn en kommentar