Eg vil at du skal kle av deg (til eit fjell)
Eg ventar på at du skal kle av deg Du seier du er vakrast i kvitt der du står i nystroken skjorte, måneskin i mansjettknappane og slipsknuten du har knyte sjølv Kvar dag kjem eg deg i møte med honning og bjørnespor, tidevatn og havfruer, perlemorslatter og tronge juv og ber deg losne på skjorteflaka, drege ut beltet, kippe av deg skoa mens himmelen skiftar fil Eg vil at du skal kle av deg, at du skal opne knapp for knapp til slipset sklir glatt nedover oksenakken, glidelåsen vrenger seg som spjerra buk, buksa fell i ein fornærma krøll og om det ikkje er for mykje bry, by meg nyklekte fugleungar




