23.8.08
22.8.08
Det vesle diktet
Eg går med eit lite dikt i hovudet.
Det er så lite at eg knapt finn det, når eg prøver å tenke det fram.
Eg må ha dikta det ein av dei siste dagane, då eg gjekk frå jobb og tenkte at det berre skulle ha små ord i seg. Bitte små ord, nærmast usynlege. Skotuppord. Som lyden av stein under skoa. Stein der stein ikkje høyrer heime.
Nett no satt eg med det vesle diktet i meg. Eg trudde eg hadde glømt det, men så var det der, stakk ei lita tå fram, som frå ein holete sokk. Og nett no, mens eg satt og røykte ein mentolsigarett på trappa, og berre gloa lyste i mørket som eit skamfullt auge, kom naboen over vegen. Han såg meg ikkje, men eg såg han. Og eg såg korleis han plukka små steinar frå vegen. Små steinar til eit lite dikt, og det slo meg at det eg eigentleg skulle tenke, var det store diktet. Det eg trakka over den same dagen då eg gjekk frå jobb, då eg kryssa vegen og såg den tomme skoen ligge der. Han var ikkje gammal. Han var ikkje ein sånn type sko som nokon hadde mista på veg heim frå fest, ein sånn sko som foten vrikka seg ut av fordi han, det må ha vore ein han, mista balansen fordi han hadde drukke for mykje vodka. Eller fordi kjærasten hadde kyssa ein annan.
Nei, det var ein ny sko, heilt moderne, ein sjølvsikker sko du kan få kjøpt for mange pengar. Ny og kvit med ei grå fartsstripe, men eg såg ikkje blod, og eg høyrde ikkje sirener, berre det vesle diktet i eit stort sprang.
21.8.08
Vi kalla han berre Stavros
... han var søkk lat, skrekkeleg svolten og ikkje til å stole på. Men under stolen la han seg. På rygg.
I mitt neste liv skal eg gjere som Stavros mykje oftare.






