29.9.05

Vårres kara!









Ja, det blei liv, rai, rai
da vi slo Galatasaray!

27.9.05

Om å seie ifrå


”NB Denne gangen takker vi ikke for foreldremøtet, selv om MANGE bidro med kaker og gode innslag! Det var en frustrerende opplevelse for oss 3”

…stod det på sonen sin arbeidsplan. Eg såg det i dag. Eg var på foreldremøtet i sjette klasse. Og opna kjeften. Enda eg hadde lovt meg sjølv at denne gongen skulle eg teie. Og då eg las det som stod der steig ein lang og skeiv peikefinger opp frå arket og dirra framom nasen min. Fy!

Eg innrømmer her og no at eg langt frå var diplomat på det møtet. Eg har ikkje for vane å vere krass, men eg var det. Eg sa ifrå. No angrar eg.

Eg skulle ikkje reagert på at dei er tre gruppelærarar for dei tre gruppene på sjettetrinnet, men at berre ei av dei er ei full stilling. Den andre er halvt sjukemeldt og snakka til oss som om vi var ungar. Den tredje har fri kvar måndag og såg ut som ho hadde ete ti sitronar rett før ho kom. Eg skulle ikkje reagert på at dei går igjennom matten i siste time på onsdagar, men må begynne å arbeide med nye matteoppgåver (deling) allereie på måndagen. Og fredag skal arbeidsplanen leverast inn. Og arbeidsplanar, sukk og stønn. Udugelege ungar!

Eg skulle ikkje sagt at det er ikkje er alle foreldre som er heime og kan hjelpe ungane med matten når dei kjem frå skolen. Og mora som sa at ho hadde sete med sonen i tre timar og løyst matteoppgåver, skulle nok også halde munn. Og eg skulle ikkje påpeikt at det ikkje var eit personåtak, men at lærarane må ta det inn over seg når så mange foreldre fortel om ungar som slit med matematikken.

Eg skulle ikkje sagt at eg opplevde at dei sendte ut svært negative signal, men at det kanskje skuldast at eg kom frå ei anna foreldremøte som sto i sterk kontrast. (Der blei vi foreldre møtt med smil, men det sa eg ikkje.) Vi skulle ikkje reagert på at dei deler dei tre gruppene opp, så ein lærar har 26 elevar i gym. Dei må dusje, snurpa ho som ikkje kan smile. Det er prinsipp, sa ho. Kan det vere ein grunn til at noen ikkje vil dusje? spurte ei mamma. Nei, det er tre dusjar på sju gutar, var svaret ho fekk. Men eg veit om ein gut som sendast i dusjen før dei andre for ikkje å bli erta.

Etter to timar tok eg jakka på og då løyste møtet seg opp. Og no, no skulle eg eigentleg skrive ein tekst om å drible seg inn på laget i arva sko. Det skulle eg, og eg skulle kanskje ikkje sagt ifrå?

26.9.05

I spenn



Eg går i spenn på jorda. Her. No. Surklar og søkk i regn.
Knitrar under høgspentmastene. Mumlar i vind. Eit fargelaust
strå ber meg synge i kor. I vind. Ein tone mot bakken, ein sving.
Og opp att. I vind riv eg meg laus og leiter. I lyng. Kvistar ein skog,
hesjar ein boge av sorg. Mørklegg ein dal. I ei lomme av luft
under bakken skriv moldvarpen notane ned. Vinden les
leppene mine. Bøyer av.

19.9.05

Mør muskel, sepia sol




Alle husa dei kunne budd i, det kvite med hav i hagen og enger med avlingar dei kunne hausta, nappa strå for strå til ein hemmeleg kode stod att, septembertjern dei kunne drukna seg i, islagte vatn dei kunne knust med spisse ord, trea i skogen dei kunne omfamna og dei raude bæra ingen plukkar skulle dei snakka snilt til og tatt med heim til gras som grånar

i regn kryp han inn til ho, veit ikkje om han er stor nok, varm nok,
ein mør muskel under sepiasol som stemplar kvelden skjør

15.9.05

Nokre songar syng vi lenge

Nokre songar hugsar vi betre enn andre. Nokre filmar lever lange liv i minnet. Sånger från andra våningen (for ein tittel!) er ein sånn film. Eg kan ikkje gjenfortelje han, men stemninga sitt enno i. Og dei fastfrosne bilda. Ramma inn. Men aller mest seks ord: Älskad vare den som sätter sig. Henta frå dette diktet:




Snubblande mellan två stjärnor

Älskad vare den okände och hans hustru
som med ärmar krage och ögon

Älskad vare den som sover på rygg
den som klämmer ett finger i dörren

Älskad vare den skallige utan hatt
den som bär en trasig sko i regnet

Älskad vare den som svettas av skuld eller skam
den som betalar med det han saknar

Älskad vare den som bär klocka
och har sett Gud

Älskad vare den som sätter sig

Av César Vallejo (1892-1938)
i urval och tolkning av Peter Landelius.
Nordan förlag, 1981.

8.9.05

Fiske, hjell







ligge midt i
som eit avgløymd bokmerke
ramma inn av pinneved
sitere himmelen på rygg
setje kryss i taremargen
og ha ryggen fri







(gammal tekst, lånt bilde)

7.9.05

To dikt til eitt fjell

Eg vil du skal kle av deg

Eg ventar på at du skal kle av deg Du seier du
er vakrast i kvitt der du står i nystroken
skjorte, måneskin i mansjettknappane og
slipsknuten du har knyte sjølv Kvar dag kjem
eg deg i møte med honning og bjørnespor,
solgangsbris og havfruesongar, perlemorslatter
og tronge juv og ber deg losne på skjorteflaka,
drege ut beltet, kippe av deg skoa mens
himmelen skiftar farge Eg vil du skal kle
av deg, at du skal opne knapp for knapp til slipset
sklir glatt nedover oksenakken, glidelåsen
vrenger seg som spjerra buk, buksa fell
i ein fornærma krøll og om det ikkje er for mykje
bry, by meg nyklekte fugleungar




Du må ikkje, må ikkje



kle deg i kvite draumar, eg kviler enno
i gult og brunt og dropar av grønt kler håret på
ein strigla dag med båtar som kjem og kjem
under grå betong mens du berre står der og
ventar, eg såg deg nok i går igjen, du sto utan
blygsel i den nye nattskjorta di, ho blafra i
restane av ein sein septemberstorm og eg har eit
dikt i dvale og ei gammal skavl i hjartet Si, skal
vi smelte tre rim, bryte to linjer, dele ei seng og
ligge og sjå dei siste strålane søkke sakte over
Hollendaren, breie lauvet over oss, høyrer du,
du må ikkje, må ikkje kle på deg no, eg frys
berre litt og i koppen syg teposen vatnet opp
og fuglane, fuglane kjem snart heim

5.9.05

Poet og pianist

Vi hugsar ikkje sist vi gjorde det, men vi gjorde det igjen sist søndag. Mens storebrørne passa dottera vår, gjekk vi på kino. I lag. Frå rad åtte i sal fire satt vi og såg Giganten.

Han kom så nær, han var så stor, han mangla det blå i auga, men han lyste likevel. Og han las
frå sitt indre minnekort og når han berre snakka, var det som om han las likevel. Og eg gret. Eg tørka meg med handbaken og genserermet og eg gjekk ikkje tørr. Eg har prøvd å finne ut kvifor det blei så mange tårar, men eg finn ikkje svaret. Det finst så mange svar. Og døden kom så nær, igjen.


Og eg tenkte då eg gjekk ut, at eg må leve livet betre, sterkare, eg må vere mindre redd og meir glad. Og eg må vere poet. Og du min pianist.