29.11.05
27.11.05
Ei handfull halleluja
Det er viktig å lufte fitta.
Akkurat som blomsterpotta har ho av og til bruk for, at
vinden pustar på henne.
Det er også viktig å varme henne.
Sola elskar fitter.
Det har ho alltid gjort.
Det er derfor det så ofte er solskin i Spania, i Cuba og om
somrane i Danmark.
Ei vedunderleg ei ute på ein altan
oppe på ein skyskrapar
eller på baksetet i ein bil.
Eller ei frekk fitte, som stillfarande suttar på eit drops,
da ausar sola ustyrleg av si overflod!
Det er også viktig å gå lange turar med fitta.
Kjære, smyg deg ut av trusa.
Heile utmarka blomstrar, når ei naken ei går på tur.
Men aller helst skal ho beras i berestol,
ligge i kyse og på silke
i ein liknande stol som dronningar ferdas i
før i tida.
Noen fitter er vegetarianarar,
men dei fleste elskar kjøtt,
og trass i at paven og alle kardinalane hans bad henne
om å halde fred
i det minste i påska,
ville ho berre smilande ha svara:
Unnskyld meg, Velværdige, men skal det vere med hår
eller utan?
Det er også verdt å tilrå sykkelturar med fitta.
Eg hadde ikkje hatt noe imot å vere eit sete i mitt neste liv,
dagleg kyssa av angande leppar.
Men du må aldri såre ei fitte,
heller ikkje dei nette, som er barberte,
eg er ho eit snev av gretten om morgonen,
må du heller ikkje pirke i henne med ein lang, tynn pinne.
Da kan det hende, at ingen grindkval kjem til Færøyane,
eller at pærene i alle lyktestolpane brest,
og i verste fall,
at små dyr et alle folkepensjonane.
Om vinteren stortrives ho nede i den lune truseskumringa.
Alle sex-kanalane i himmelrommet sender gjennom dei
angande maskene.
Fittedyrkarar i heile verda:
Stå saman!
Jòanes Nielsen, Sting.
Gjendikta av Lars Moa.
(Bildet er Nude av Gregory Masurovsky)
22.11.05
19.11.05
Nullføre
15.11.05
Alt dette
Å lese andre kan vere veldig inspirerande. Eller det kan få deg til å gøyme deg i ei krå. Nett no stikk eg nasen fram berre for å seie, les, les!
♥♥♥
Alt dette
Når vi vert gamle, du,
og kråkene kjem for å ta oss
(kra-kra, og så borte
i eit vengeslag mot lufta)
kvar er vår kjærleik då?
Kvar er då denne mannen som seier
noko om ein sprukken kaffitraktar, rust på bilen, hjarte-
sjekk, ei plombe som er ramla ut, telefonrekninga
eller (romantisk) om månen gul
og rognetre som blømer, som bortforklarar alle kvite
løgner, svik, og det han ikkje maktar seia om barnet
vi ikkje fekk og som smeltar
saman med din i kyss.
Eller desse augo som stirer på den grøne dataskjermen dag
ut dag inn og som ser på deg når du kler av deg mot kvelden: Du
sløkkjer blygt og står som silhuett med mogne bryst
og lår mot lyset som siv tynt
inn vindauga frå det koboltblåe Islandshavet.
Eller desse hendene som skriv og skriv, set
snøskuffene på plass og stryk deg
over lemmene til du brinn og vil ha meg
som stangande kraft mot demningar, og eg brest
fossande inn i deg i di bortopererte
livmor her i Reykjavik?
Kvar er alt dette som vi kallar kjærleik
når kråkene kjem?
For dei tek oss ikkje saman. Ein av oss
ligg fyrst der ute på det snøskitne jordet
ved havet (gult fjorårsgras, ròten vårsnø)
når dei svarte kråkene kjem og pikkar i munnen,
i augo, i hendene og kjønnet.
Den av oss som då er att innanfor vindauga, kjære,
som vaknar om morgonane og gjer alt
det vi er fortrulege med. Hentar inn Morgunbladid som sit i
postsprekken. Som opnar kranar
og ser seg i spegelen: Ser den av oss då noko meir
enn sitt eige andlet der? Vil då det andre andletet
lysa gjennom andletet i spegelen, slik forlatne hus
står og lyser ved havet?
Knut Ødegård
♥♥♥
10.11.05
Å fange ein dråpe

I går tenkte eg at, nei, no må du skjerpe deg! Dette går ikkje lenger. Latskap, ingenting anna enn latskap er det du driv med. Skriv, jente, skriv! Så planen er at no skal eg skrive litt kvar dag, slik eg gjorde før. Også når eg ikkje har noko å skrive om. Kanskje legg eg det ut her. Kanskje ein annan stad. Men skrive skal eg. I kveld stoppar eg med dette og byr dykk eit bilde. For det er dette eg har gjort i kveld, lege over vasken for å fange ein dråpe for dagen.
1.11.05
Hjartesting
Bestemor mi var syerske. Kvar helg sydde ho noko nytt på den gamle Singer-maskina viss mor mi skulle ut på dans. I går spurte eg far min om eg kanskje kunne arve mor mi sin gamle symaskin. Ingen av systrene mine ville ha den. Klart du kan, sa far min. I dag ringte han meg på jobb og spurte om han kunne stikke innom. Klart du kan, sa eg. Og sjå kva han kom med! Ikkje mamma sin maskin, men ein ny! Rett nok brukt, men pent. Og nyleg overhala i butikken. Snille, snille pappaen min! No les eg bruksrettleiinga, klør meg litt i hovudet med varmt dotterhjarte og kjenner meg lita igjen.








