Lys(t)
Fint: Å høyre på Teitur som syng islandsk, som eg ikkje forstår, men musikken når likevel inspirerande inn. Til min tekst. Og kvar dag har ny lys kåpe på. Og eg har ny Mac. Fordi eg fortener det.
Av og til må ein berre sette livet litt på vent.
Alt ein tenkte var viktig, er ikkje det.
Skriving, til eksempel. Det store skriveprosjektet.
Det ein skulle ta seg tid til å gå laus på. Snart.
Det får ligge der, i doc-format, i mappa på laptopen merka med namnet det ber.
No heiter det "På vent".
Med kjærleg helsing ho som ventar.

Fire tusen teikn. Heilt av seg sjølv. Ein sein måndag!
No ønskjer eg meg eit skriveprogram. Noko anna enn Word.
Eg veit at Mac har noko ein kan drøyme om, men eg hugsar ikkje kva det heiter.
Men stilig er det. Har eg høyrt.
Nu vel. Enn så lenge får eg ta til takke med teiknteljaren i Word. Han er namnlaus, men i godlune i kveld.

I går fekk eg endeleg sett Revolutionary Road. Mannen hadde han med heim. Eg blei så glad. Det er ein av filmane eg hadde på må sjå-lista mi, men eg hadde nesten gløymd han av. Det er så mange filmar, og tida går så fort. Men i går kveld fekk eg altså sjå han. Eg seier berre: Åh!
Regi, manus, skodespelarar, historia! Basert på Richard Yates’ roman med Kate Winslet og Leonardo DiCaprio i hovudrollene. Kvernande, intenst spel og umuleg å føreseie kva som skal skje mellom ho og han som prøver å leve eit liv i lag med ulike draumar. Etterpå måtte eg google Sam Mendes og blei litt flau over at eg ikkje hugsa at han er regissøren bak American Beauty.
Gode filmar gir meg lyst til å skrive.
Eg skriv ikkje for tida. Eg går og samlar på ord i mi eiga gate.
Skrive av
Midifila
klokka
09:29
2
innspel
Stikkord favorittar, film, skriving

(...) Skjønnlitterære forfattere er søppelsamlere. De er metalldetektorer, de tar med seg alt som skinner og virker interessant. Selvfølgelig bruker man andre skribenters historier. Og hvis moren din sier noe, eller din gamle venn fra videregående sier noe som kan være interessant, kan man ta deler av det og bearbeide det. Det er alt sammen et lappeteppearbeid, et stort pledd som man hekler i hop.
Slik svarar forfattaren Lorrie Moore i boka Amerikanske tilstander på spørsmålet fra John Erik Riley om ho nokon gong bruker andre sine historier, eller ting frå aviser, små notiser i skrivinga si?
Måtte 2009 bli eit godt år for alle skrivande søppelsamlarar!
Bildet fann eg her.