20.4.05
18.4.05
16.4.05
Ringe på og stikke av
Du skyv arket over bordet, skyv til det fell på golvet, blæs det bort
over bjørkeparketten og kryp etter på alle fire mot ein boktung skyskrapar. På bakkeplan var Inger ein gong så nær deg, i andre går Terje omkring med spor av himmel. Sju franske modernistar skålar i tredje på andre døgnet, mens Lars i fjerde trenar så hardt på nye pasningar at han ikkje høyrer Håvards høge dvergmål i femte bak dør på gløtt. Ei trapp opp er Helges nattlys enno tent. Du stirer mot toppetasjen. Han står tom på sjette året og støvar ned. Ein raud leikebil stikk nasen fram frå kjellaren. Du snusar inn lukta av svart skinn og stryk sakte over setetrekket.
15.4.05
Artig og artig
Det irriterer meg ikkje så reint lite, men eg får altså ikkje til å legge bilde inn i bloggen min. Kan jo ikkje vere store heksekunsten, og er det noko eg ikkje liker, så er det å kjenne meg som ein knøl framfor framsteget.
No vel. Her finn du noko artig og fint.
11.4.05
Vi knekk så lett
Vi knekk så lett, vi er dei tørre kvistane i skogens yttarste rand
sanka av dei ivrigaste hendene, bore i stolte byltar tilbake til open
eld Høyr kor fint vi knitrar! Vi kjem frå den svaie slekta, som halvtonar
svevar vi over vatna før dei kjem, vi høyrer skritta gjennom skodda,
stille som samansvorne systrer ventar vi på søkka i den blaute myra,
ventar og knekk så lett i fingrane som grip om dei tynna stråa langsmed land
9.4.05
Mobil tommeltott
Eg har fått meg ny mobil og sår tommel på kjøpet. Det kjennest nesten som då vi fekk den første datamaskina i hus og vi skulle kople oss på nettet. For sjølvsagt måtte eg ha min eigen ringetone. Eg fann han på nettet og bestilte han, men la han seg automatisk der han høyrer heime? Å nei då. Eg måtte laste han ned, men korleis?
No vel. Eg trur eg klarte å kople meg på eit eller anna, men eg kom meg ikkje ut igjen, så det einaste eg torte å gjere var å skru heile herlegheita av. Med hamrande hjarte slo eg han på igjen, og trur du ikkje han fungerte!
Så no strøymer Don’t speak ut av høgttalaren kvar gong nokon vil ha tak i meg. Talande nok.
Skrive av
Midifila
klokka
16:51
0
innspel
Stikkord Tekniske duppedittar
8.4.05
I flytestilling, på veg opp
Gynge, ho vil gynge
midt i lydsporet til undermedvitets
du ringer, eg bringer
ein brødboks som mugnar av halvferdig poseprosa
eit krydra hjarte (70 grader gir saftig og rosa kjøt)
avsagde påskelinjer
symje, ho vil symje
på språkets botn i overlevingsdrakt
med uskrivne strofer på slep
og styrke seg på omega 3
(makelaust for krydra hjarte!) før trålposen tek ho
med ulovleg maskevidde
Epilog:
Kapteinen hadde aldri før sett så avundsjuk lever
og rogn






