30.10.06

Når du berre treng å le litt


... kan du stikke innom den fine bloggen her.

29.10.06

Vekeslutt


Fotballen er raud og rullar att og fram liksom snøbygene over stadion. Vi høyrer fly ta tungt av i eit veldig mørke, men ser dei ikkje. Ser berre snø som virvlar og kovar og nasedropar som heng og heng når vi held pusten fordi Pedersen ligg urørleg og fortvilinga til medspelarane kjem heilt opp til åttande rad og treff først kald betong når ambulansen køyrer han vekk og vi veit at det gjekk bra og tyngdekrafta sett inn med skrik og skrål og endeleg mål.

La oss bli i den einaste eliten eg bryr meg om.


Foto: Lina Livsdatter


26.10.06

Det er noko eige med hender

Eg har alltid vore svak for hender. Sterke hender. Mjuke hender. Tørre handflater. Store, små. Lange, slanke fingrar som speler. Ivrige hender som skriv.

Det er så mykje hender kan gjere. På godt og vondt.

Eg hjelpte ei gammal dame over isete veg i dag. Ho fekk mi høgre hand. Og eg fekk eit varmt smil. Og ei god kjensle. Her kan du lese og sjå hender. Ein fin idé.

Kva har dine hender gjort i dag?

21.10.06

Skriv ein stad som ikkje finst

Det veks poteter i akvariebollen. Dei ligg som silikonerte bryst på botnen av sju hav og duvar. Berre glasaugefolket kan sjå dei. Potetene har tatoverte årer som flyt lik sur nedbør etter sitrusregn. Sjølv haien forvekslar det raude når han ein sjeldan gong får fri frå skrekkfilmen. Då hender det at han legg seg på gullfiskrygg og speler død. Over seglskuteripa heng regissøren og speidar etter attraksjonen mens han drøymer om spagettiwestern med Fedon Lindberg i hovudrolla. Han har snart ikkje fleire statistar igjen. I nødsfall får han bruke dei åtte delfinane. Men også dei er borte. Sist han såg finnane forsvinne i djupet, var dei på tur ned til brystvortene for å finpusse kroppsspråket.

19.10.06

Aldri for seint











...å oppdage noko nytt.
Som denne fotografen. Ei av verdas beste, seiest det. Serien Twins er utruleg fin. Og American Odyssey. Du les mer om Mary Ellen Mark på heimesida hennes.

Djupt inne i hausten

Djupt inne i hausten står vi

og tel årringane rundt halsen

på treet i skogen, vi kom først

med gullmyntar til grøftene, vinden

til trekronene, kniven til barken

skjer og skjer eit hjarte

rodnar og vi fell djupt

i kvarandre

16.10.06

Boksal

I går var det boksal på biblioteket i byen. Eg kom heim med tolv diktsamlingar. Pris: 120 kroner.

Kate Næss: Gjendiktninger
Dulce Maria Loynaz: Svart vin
Mririda M'ait Attik: Froskens sanger
Pär Lagerkvist: Hjertets uro
Geir Gulliksen: Monografi
Torgeir Schjerven: I anledning dagen
Knut Ødegaard: Buktale
Bjørn Aamodt: Anchorage
Pablo Nedruda: Ennå
Kristine Næss: Obladi
Tale Næss: Natten er et langt skudd
Mina Loy: Engelsk kjøter


og hvordan du bærer vekten av meg
på hoftene knærne lårene ryggen
og hvordan vi gråter og ikke
kan la være å begynne igjen

- Gulliksen.

9.10.06

Olivengrøn sjølvskryt

You Are Olive Green

You are the most real of all the green shades. You're always true to yourself.
For you, authenticity and honesty are very important... both in others and yourself.
You are grounded and secure. It takes a lot to shake you.
People see you as dependable, probably the most dependable person they know.

5.10.06

William Hut - Take It Easy

Nok ei anbefaling.