Å morse i mellomromma
Ho går ut for å stele ein pause frå lydane
Frå bordsetting nummer tre
Frå pisset ho skylte ned
Ho tenker på ryggar som snakkar
med svake ribbein
og frekner som morsar
i mellomromma
Himmelen har funne fargane frå i fjor, ei brei
rand av raudt gull som på serviset ho aldri fekk
Bjørka løfter ei svart lengt mot lyset
Kråka er eit punktum for mykje Flyg ho no
går eg inn, tenker ho når fiskemottaket
sleng på land skriket frå ein rusten vaier
like før han sprekk




