Viser innlegg med etiketten Barn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Barn. Vis alle innlegg

15.10.09

I dag hadde ho han på besøk igjen. Tredje kvelden på rad. Ho er snart åtte. Han er kanskje fylt åtte. Eg har ikkje spurt. Men han er god på engelske gloser og han tvinnar håret når han ser bort på ho. Og så smiler han blygt og ser djupt ned i tallerkenen med spagetti.



Jon Fosse: De utvalgte. Skuggar.

26.3.09

Pompel, Pilt og Pernille

Eldstesonen har diskutert med kompisane sine og konkludert med at seriar for barn, dei var mykje betre då han var liten. Då måtte eg berre google Pompel og Pilt.



Pernille, Pernille, hvor er brillene mine?




Og så litt professormagi.

12.3.09

You have been loved

Vi har konfirmant til våren. Mannen lagar film. Arkivet er rikt. Heilt frå første pust, første klynk. Soundtracket er dette. Og eg gret.


19.1.09

Sveve

Foto: withfoto.no


Tidleg morgon. Berre eg og ho og tid for å stå opp. Dyna er varm, huda hennes mjuk.

- Ingen i våres familie har vært i Kina, mamma.

- Kosn kom du tell å tenke på det?

- Det bare sveva rundt i hodet mitt.

4.1.09

Fru Pigalopp på nyåret

Ho er sju, ho syng og ho er jenta mi. Stolt, eg?!

12.11.08

Takk, Garmann!

Ho har knekt lesekoden, men litt for ofte kjem Hannah Montana først. På tv.

No har ho fått beskjed frå skolen om at ho må ha ei lese-heime-bok. Eg har lirka og lokka, men entusiastisk skal eg ikkje påstå at ho har vore.

- Ikkje no. Ein annan dag. Seinare. Har ho sagt og forsvunne inn i tv-verda.

Men det var til eg henta fram Garmanns gate.

”Roy i fjerde sier at Frimerkemannen er en jævel”.

- Oææh!

Ho stavar seg sjokkskadd gjennom fy-ordet.

”At han dreper kattunger.”

- Han e slem, han, mamma!

Meir skulle det ikkje til. Takk, Garmann. Takk, Stian Hole.

Vi er så heldige å ha mange sider igjen.

2.1.08

Skunk





Mamma, det va godt du ikkje va et juletre, for da hadde du blitt hogga ned.
Det va godt du blei et menneske. Vet du, mamma, noen blir født stinkdyr!

2.12.07

NB. Ikkje for sarte lesarar


Samtale frå baksetet.

D: Mamma, bruke du å kline?
M: Eeh. Ja.
D: Med han pappa?
M: Eeh. Ja. Man gjør det med dem man e kjæresta med.
D: Kline, det e sånn med tunga?
M: Hæh? Eeh. Ja.
D: Æ har også klint med tunga.
M: Hæh? Med kem?
D: Med han Henrik.
M: Katti?
D: På SFO. Men vi gikk en plass der ingen så oss.


Ho er seks. Det er han også. Dei har kyssa meir. På puterommet. Utan tunger. No skal dei gifte
seg. Viss han vil.

30.10.07

Ein alvorleg prat II


Mellom far og dotter:

D: Du har hår under arman, pappa. Koffør har du det?
F: Du får også det når du blir stor.
D: Nei.
F: Jo.
D: Nei.
F: Jo.
D: Nehei!
F: Nei vel da.
D: Jente får ikkje hår under arman. Dem får bare smykka og sånn.

10.4.07

Dei skulle tolke "Skrik"...



... ho såg ein mann som satt fast i slim.