Takk, Garmann!
Ho har knekt lesekoden, men litt for ofte kjem Hannah Montana først. På tv.
No har ho fått beskjed frå skolen om at ho må ha ei lese-heime-bok. Eg har lirka og lokka, men entusiastisk skal eg ikkje påstå at ho har vore.
- Ikkje no. Ein annan dag. Seinare. Har ho sagt og forsvunne inn i tv-verda.
Men det var til eg henta fram Garmanns gate.
”Roy i fjerde sier at Frimerkemannen er en jævel”.
- Oææh!
Ho stavar seg sjokkskadd gjennom fy-ordet.
”At han dreper kattunger.”
- Han e slem, han, mamma!
Meir skulle det ikkje til. Takk, Garmann. Takk, Stian Hole.
Vi er så heldige å ha mange sider igjen.





2 kommentarer:
Så kjekt å høyre. Eg elskar bøkene til Stian!
Jepp.
Han er flink!
Og det må vere stas å kunne skrive og illustrere eigne bøker.
Legg inn en kommentar