Viser innlegg med etiketten Strupesong. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strupesong. Vis alle innlegg

6.4.11

I skuggen av ei utlånt bok

























eg spør om dei har bøker med bilde i
vi har bildebøker, svarar bibliotekaren
som om du og ho hadde blanda blod
eg seier at eg ikkje treng barnebøker
alt eg treng er bøker med bilde i
bilde av menneske som gjer noko saman
eller bare delar av eit menneske attmed
eit anna, så vidt synleg, nesten
på veg ut



26.3.11

Helg

Nokre gonger vaknar laurdag når søndag skal gå. No
skal du sjå.

Hysj.
Hysj.

25.3.11

Fredag

Nokre gonger har fredag prestekragar i håret
og nyvaska truse. På bordet sett fredag ei
uopna vin. Kvar tredje veke gjer fredag
seg ekstra flid og seier:

Sov, mor, sov.

Nokre gonger gjer far som fredag vil. Han
føyser fredag heim og ungane på skolen. Så
kjører han til Shell og kjøper bollar med rosiner
og ein bunke aviser. Når han kjem heim
drøymer mor i dobbeltsenga. Ho
liker overskrifter og får kaffi
på senga først.


***

24.3.11

Torsdag

Nokre gonger er torsdag gått ut på dato
i kjøledisken. Ei trebarnsmor kastar ein mager
skugge over fiskepinnar og frosne erter. Torsdag løftar
eit nedsett blikk mot kanten og syng
musakens andrestemme.

Coooop.
Coooop.

Nokre gonger smyg torsdag seg inn i nærmaste
berepose. Det lengste torsdag har komme er
Olasvingen 9, pizza grandiosa med
kjøttdeig og ein forderva
fjernkontroll.


***

23.3.11

Onsdag

Nokre gonger krøllar onsdag seg i sitt gamle skal
og stirer på eit levande lerret. Onsdag tek betalt
med sølvmyntar og deler bilda
med alle som bankar på.

Knock, knock.
Nok, nok.

Nokre gonger stenger onsdag før tida og skøyter
det raude sceneteppet med leppene. I ein sprekk
i skalet stikk onsdag ein lapp med steil skrift:
Å tru det du ser når du ikkje trur
den som ser.


***

22.3.11

Tysdag

Nokre gonger har tysdag raudmåla lepper
og ler. Heile natta har tysdag sove
i silke med måndag
under puta. No slepper det glatte taket og tysdag tar fram
kjolen med rosa skimmer.

Kle seg ut,
kle seg inne.

Nokre gonger spring tysdag til jobb med kjærteikn i håret
og hoftesvingar inn til tastaturet. Hjartet
brenn og vippene blunkar mot ein sprokken
spegel. Så skriv tysdag vinteren viljelaus og varm
med versalar.



***

21.3.11

Måndag

Nokre gonger kler måndag seg i svart 
og spring med regnet. Pusten luktar kjønn og 
stemma forsvinn før skyer fell 
gjennomtrengande.

Øs, pøs. 
Øs, tøs.

Nokre gonger ringer måndag ikkje to gonger. Svararen
blinkar raudt med opphissa auge, som om det
hadde noko å seie.




***

16.5.10

Klipp






















skogskjeggstubbane står stive
som kvite knoklar
humla heng vindskeiv
tvinna rundt si eiga midje

saksa blinkar i det raude lyset

du kjem berrføtt
og melder regn

19.4.10

Monoklar







ut av skuggen
kjem dei første menneska
på jorda, kjem mot meg og myser
med tunge monoklar, ber om å bli bore over
på ein blank veng byr eg fram
mine rammelause bilde:

stålgrått lys over ein nedsnødd skarv
eit berg blottar låret mot himmelens minste munn
ei fiskeskøyte samlar havet i tunge fletter når ho fer

29.10.09

Reprise



Morgonen før hausten

kjem tidleg, kjem lydlaust mellom balsampoplar
etter plutseleg regn, kjem berrføtt over sommarlette dyner
på ein vestvendt veranda dør ein veps etter siste svoltne stikk
og så du i den skjøre varmen frå strupen og ned