Han tørkar smøreolje av nevane og ser at nokon burde ta ned julekransen direktøren fekk av ho han knulla på bakrommet etter årsfesten. Han skuttar seg i den store hallen og veit at frå åskammen kan ein sjå røyken stige stiv og kald frå pipa.
Veggane snakkar ikkje stort så tidleg på morgonen. Han slår nevane mot kvarandre og eit ekko syng oppunder det høge taket. Han har ei smerte i venstre skulder. For mange vridingar i same stilling; ned på kne, velte, brette, snu, forsikre seg om at det ikkje kjem luft til der det skal vere tett. Som kviskringar og løyndom.
Smerta stikk når han rettar ryggen. Han har lenge tenkt på å melde seg sjuk. Ein frå eller til. Ingen kjem til å bry seg, heller ikkje samlebandet, der dei kjem innpakka i plast, ein etter ein. Han tenker ikkje lenger over kva fingrane gjer, dei flyg så lett over bandet mens han søkk inn i tankar om nakne kvinner, pakka inn, plasten som syg seg til den vinterkvite huda og dei mørkebrune brystvortene og kjønnet som delar seg.
Når pausealarmen går, strammar han beltereima og stiller radioen på lokalsendinga. Meteorologen skarrar og varslar storm. Han kjenner etter om matpakka ligg i baklomma. To skiver kneipp med brunost og salami. Ho eig faen ikkje fantasi! I morgon stemplar han inn kvart over. Ikkje eitt minutt før.
----------------
Now playing: Lucinda Williams - Mama You Sweet
via FoxyTunes




