31.8.06

Cheb Khaled - Aicha

Ikkje verdas beste lyd, men fin? Jepp!

28.8.06

Lyden frå høgre bakhjul

Vi skal ikkje langt, vi skal berre sitte her mens hjula klamrar seg til vegens hud av hol og smeltevatn Over oss trekker himmelen si gamle kappe etter seg og forsvinn og vi skal berre dit tankane sprett som små steinar frå strøbilen framfor oss; ei songlinje vi nesten kjenner att (But you don’t really care for music, do you?), ei naglerot som svir, vi i fjerde gir og han i femte som skreiv sitt første kjærleikskort i går

Eg hugsar dei små lappane eg skreiv og skuldertrekka som sa alt, seier eg og spør kva du gjorde då du var ti?

Høyrer du lyden, seier du, han kjem frå høgre bakhjul og har vore der lenge


19.8.06

Books, books, books!



For den som ikkje orkar å gå innom biblioteket mitt, der det er akkurat så stille som eit bibliotek skal vere, kan ta med seg desse anbefalingane i staden. For eg har lese litt i sommar, og den aller beste ber tittelen Den lukkede bok av den danske debutanten Jette A. Kaarsbøl.

Medrivande, irriterande god roman om ei gammal dame som ein portnar finn sittande daud i ein stol.
Trasig start, men ho har levd litt av eit liv.









Elles har eg lese Johan Harstad si kritikarroste bok Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?
Eg jubla ikkje like høgt som kritikarane, men ho har noko med seg, det er språket og rytmen, ikkje handlinga, som er page turnar her.










Krimelskaren i meg fekk til sist lese Robert Wilson sin roman Et lite drap i Lisboa etter at eg bomma første gongen og blanda Lisboa med Sevilla (jamfør hans neste bok).
Ikkje så stødig av meg, men stødig krim!








Til sist ein av mine favorittar, Lars Saabye Christensen.
Eg har lese det meste at det han har skrive og er særleg glad i dikta hans.
Modellen var grei å lese, men noko oppskrytt, samanlikna med andre bøker frå den kanten.




Andre som har sommarlektyre dei vil dele?

17.8.06

...frå ein sommar