Lyden frå høgre bakhjul
Vi skal ikkje langt, vi skal berre sitte her mens hjula klamrar seg til vegens hud av hol og smeltevatn Over oss trekker himmelen si gamle kappe etter seg og forsvinn og vi skal berre dit tankane sprett som små steinar frå strøbilen framfor oss; ei songlinje vi nesten kjenner att (But you don’t really care for music, do you?), ei naglerot som svir, vi i fjerde gir og han i femte som skreiv sitt første kjærleikskort i går
Eg hugsar dei små lappane eg skreiv og skuldertrekka som sa alt, seier eg og spør kva du gjorde då du var ti?
Høyrer du lyden, seier du, han kjem frå høgre bakhjul og har vore der lenge






2 kommentarer:
Så fin denne var!!!
Og enda finere: At du er i gang igjen!!
:-)
I gang og i gang, fru Blom.
Ein gammal tekst eg drog fram for anledninga. Glad du likte den!
Legg inn en kommentar