30.6.05

Kva er vitsen?

Han spurte så, ein ung kollega då han høyrde at eg hadde ein blogg bare eit fåtal veit om. Eg argumenterte det eg var god for, at ein blogg kan vere så mangt, at eg trivs i det anonyme hjørnet, i alle fall enn så lenge, sjølv om det sikkert hadde vore artig med mange lesarar.

Kor eg vil med dette?
Ikkje godt å seie. Men det blei i alle fall nokre ord i kveld også mens sola søkk sakte bak godversskyer over ein vakker by.

28.6.05

Før hetebølgja kjem her nord

...og etter mange, mange regntunge dagar og fordi eg går på ferie frå førstkommande fredag
kom eg til å tenke ekstra på i juli fjor, då var vi her, nærmare bestemt budde vi i huset du ser her













åt og vaska koppane her



















og bada mest her (på andre sida av gata)














Rett nok er eg rå på heimelaga tsatsiki, men det blir no ikkje heilt det same

25.6.05

Ehin frå Estland

Eg høyrde ho lese under litteraturfestivalen på Lillehammer. Då las Kristiina Ehin på morsmålet, men vi som var på opplesinga fekk utdelt eit lite hefte med dikta hennes, omsett til nynorsk av Øyvind Rangøy.

I stad rydda eg i veska og fann dette fine diktet:

livet vi ser gjennom helvta i vårt eige kjønn
de - evige hannar
me - evige hoer
mellom menneskehendene våre
held vi ein glassplint broten frå kven veit kor
er det gjennom denne smale splinten
berre vi vågar sjå?

med fingrane alt blodige
av den skarpe svarte glasbiten
gjer vi liv til helvete
eglar einannan til vanvit
som døtrer og søner,
ryper og typar
mødrer og fedrar
koner og kallar
kvinner og menn
plagar og støttar vi
elskar og audmjukar

berre i draume er vi fri
hendene fell til brystet og lækjast litt
i draumen får eg syn
for menneskeandletet bak guteblikket ditt
og du syn for den ljose godhugen
bak dei mørke jenteaugo mine

...

nymånen kravlar over oss som ei bille
driv åleine som eit skip utan anker
og vi ser den grøne kysten
og duvande antenner
mosegrodde kjellarar
halve vedlad
to blodige splintar på sandstranda
vasstunner og spegel
klokke skåp og seng

ein av oss
vaknar om morgonen
og fargar seg med glassplinten
tek på seg kvinneansiktet
set skarpe splintar som høge hælar
under dei fine føtene sine
går
lett
men lidande

den andre av oss
kjenner ei smerte i sida der han vaknar
splinten i staden for det svunne ribbeinet hans
kitlar og svir

24.6.05

Det hender eg samtalar med Gud

Eg vil ikkje kalle det ein jamgod prat
ofte flyt blikket hans ut
og han tek til å fikle med skjegget
tvinnar og tvinnar grå
sølvstrå mellom tommelen og peikefingeren
mens han blæs bort ein engleveng
som dalar ned
og stikk hol i ein sky
Han teier når eg spør om det fins tilgjeving
for utsette telefonar
små kjærteikn
og om den skeive bjørka
som kastar skugge
har ei meining?
Eg gir opp og kryp inn i stilla hans
lagar meg eit reir av kjolen
som enno luktar
Gjennom blomestoffet ser eg
Sankt Peter koste himmelplassen
og før eg rekk å be
nikkar Gud med attlatne auge
til ho som sitt i ein fluktstol
med utsikt til løytnantshjarta
og høyrer på ei plate
med blues

23.6.05

Min lille sol

 I kveld har eg vore i kjellaren, lege på kne framom bodhylla og leita i dei gamle lp-platene mine. Vi flytta dei ned frå stua då lp-spelaren ikkje ville spele meir. Mens eg låg der og bladde strøyma minna på, musikk frå ei anna tid, perler i plast, tett i tett. Eg fann ho til slutt, men minnet svikta meg. Min lille sol var ikkje på plata Altid har jeg længsel, men eg hugsar Jeg har et lille anker, jeg har et lille timeglas, jeg har en lille sol, der stråler.

21.6.05

Skjelettet syng

Guten med krøllane sto midt i døropninga. Sjå, sa han. Sjå!
Han pressa armane mot karmane. Når han tok eitt steg fram s
teig armane som venger. Ho skjelv. Ho søler kaffi på benken.
Ho tørkar opp med kluten. Han luktar klor. Ho står med armane
tett inntil seg. Lukkar auga. Inni ho fins virvelsøyla, brystbeinet,
kneskjel og hofteskåler. Står ho stille høyrer ho kor sakte dei syng.
Høgt heva bak dirigenten. Kappa på kragebeinet. Ho som fargar av.

20.6.05

Knokkelmonopol

Junikvelden er overraskande lun. Restar av regn i lufta. Nakne leggar. Eg går rundt huset og tar inn fargane under ein mjuk, grå himmel. Strofer frå ein roman syng i kroppen. Noko med måneskin og knoklar. Korfor skal Ulven ha monopol på knoklane?

19.6.05


Where have all the flowers gone... Posted by Hello


Blodstorkenebb Posted by Hello


Valmue og mangt Posted by Hello


Rosa draum Posted by Hello


To troll Posted by Hello


Sommarblome Posted by Hello


Gult hav Posted by Hello

17.6.05

Eg går i hagen og snakkar med blomane

Eg går berrføtt i hagen og snakkar med blomane
Blodstorkenebbet opnar sine blyge blad
Murtorskemunnen teier med små lepper
Gudeblomen ber ei djup raud bøn
Då eg berre hadde ei svart rand kom du med avleggarar og spørsmålsteikn
Eg grov opp gamle røter og såg i veggen
Alt eg har sådd og planta spring no ut rundt huset
men spora etter deg doggar ikkje
Eg lager innbilte steg i graset og omfamnar dei store steinane
der symra har klort seg fast
Frå lia kallar gauken
ko-ko, ko-ko
over skuggen eg sleper etter meg
her eg går og vatnar
sorg

15.6.05


Hagen 14. juni 2005 Posted by Hello

13.6.05

Til dei som går over markene

Er du enno her? Eg spør med mi stillaste stemme mens eg ventar
på at du skal opne auga og sjå deg rundt, sjå at gardinene er trekte for,
at nokon har dempa dagen og gløymd å tenne lyset ved senga Kvart ord
er ein orkan i rommet som lyfter lakenet til det står
som eit segl for nymalt mast og åra på halsen ror

8.6.05

Antilopetrøyst

vi hoppar ikkje bukk
over kvarandre, vi leiker sebra
og blandar striper til vi finn ein farge
vi trur liknar den første, skyr ikkje skuggen
ikkje månen som veks seg atlasrund og rører bakken
i ein tørr horisont, berre krummar horna og sukkar
slirene ut med gras i munnholene

5.6.05

Gul er også ein farge

ho slurvar med sanninga
flytter eit punktum og ser kva som skjer

først er det berre stille

så begynner diktet å knake
i dei eira pålane

gul er også ein farge
har diktet venta lenge nok

begynner det å ringe
iltert, raudt

på displayet legg det igjen dårleg ande
og andre unemnelege namn

før det begynner å kviskre lågare
og lågare, kven
er du? Eigentleg?

siklar diktet og skrevar med breie bein
over den vesle underteksten

ho har smula etter seg
på veg heim