Eg går i hagen og snakkar med blomane
Eg går berrføtt i hagen og snakkar med blomane
Blodstorkenebbet opnar sine blyge blad
Murtorskemunnen teier med små lepper
Gudeblomen ber ei djup raud bøn
Då eg berre hadde ei svart rand kom du med avleggarar og spørsmålsteikn
Eg grov opp gamle røter og såg i veggen
Alt eg har sådd og planta spring no ut rundt huset
men spora etter deg doggar ikkje
Eg lager innbilte steg i graset og omfamnar dei store steinane
der symra har klort seg fast
Frå lia kallar gauken
ko-ko, ko-ko
over skuggen eg sleper etter meg
her eg går og vatnar
sorg





3 kommentarer:
Kjære du!
Denne leste jeg på kammeret.
Tenkte det var deg.
Den gikk rett i magen på meg.
Klem
H
Denne teksten er skrive ganske rett ned. Er ikkje fornøgd med slutten, men må nok la den ligge ei stund.
Fint å få min første bloggkommentar!
Avslutningen kan du absolutt gjøre noe med.
Er litt usikker på koko`ene også.
Men resten tror jeg ikke du skal endre for mye på
Legg inn en kommentar