31.10.05

Det vil ho sikkert ha, da blir ho sikkert glad

for veska...

...og pulsvantar (som må dampast) og nei, dette skal ikkje bli ein strikkeblogg, eg er berre litt hekta og skrive kan eg jo ikkje når svartkledde småungar med djevelansikt spring rundt hushjørna og krev karamellar, no igjen!, utbryt dotter mi, ho et godt av arsenalet og der kimer det i klokker påny!

28.10.05

Fri tid?









Eg hadde gløymd kor fint det er og kor godt det gjer. Kvile tankane i rett og vrang. Strikke inn eit ord, eller fem. Hjelpe opp ei mista maske. Sjå eit mønster i augo.












...men liknar dette ei rose? Hekle kan eg ikkje, men eg heklar likevel. Luftmasker og fastmasker. Kjedemasker og stav på stav. Ho skal pryde ei tova veske, rosa. Berre henge der og vere pen.

27.10.05

Utbrot

26.10.05

Ugla i meg

Perfeksjonisten i meg krympar seg, men sanninga skal fram. Og eg lover å halde munn (ei stund).


Take the 100 Acre Personality Quiz!

23.10.05

Og vinnaren er...


















Eg får tekstmelding frå syster mi: Innsjå det, vi begynner å bli gamle.
Ho sitt i ein annan by og mimrar. Som eg. Det er laurdag kveld og på NRK1 skal tidanes Grand Prix-låt kårast. Eg er sur fordi eg er forkjøla og ikkje klarer å synge med. Men den mannlege delen av programledarduoen får meg til å smile. Mykje og ofte. Han får meg til å hugse ein vårkveld for fem år sidan då eg kjente meg som fjorten igjen. Smilet og fotarbeidet og hoftevrikkinga til Reynard Cowper i latviske Brainstorm (i front) gjekk rett heim. My Star het låta og dei vann ikkje. Dei kom på andreplass, men vann mitt Grand Prix-hjarte. Og det hjartet har slått lenge. Syster mi skriv at programmet får ho til å tenke på mamma, på spenning og god mat. Det har ho rett i. Og eg hugsar at eg drøymde popstjernedraumar. No er det dotter mi som kjem springande når ho høyrer fine melodiar. Viss Grand Prix eksisterar om ti år, skal eg dele draumane mine med ho. Og spele My Star.

ps: Waterloo er tidanes GP-låt.
Kva for ein er din?

18.10.05

I've been around the world...








...and I can't find my baby. Spør ikkje korfor akkurat den songen ramla inn i hovudet mitt, men eg har altså googla meg verda rundt etter å ha lese Marte sin blogg. Rett nok tapte eg med tusentals treff, men litt fann eg. Denne overraska nok mest!

16.10.05

Kattesong


- Eg skal gå og besøke ho, sukka dotter mi etter å ha sett denne vesle videosnutten tre gonger. Her fins det meir.

11.10.05

Heilt privat


har eg blitt oppmoda om å avsløre følgjande detaljar frå Midifilas liv:

* For ti år siden:
Var eg travel tobarnsmor til to gutar på fire og eitt år og budde i rekkehus. Dikta lite, men skreiv dagbok om ungane.

* For fem år siden:
Var eg litt mindre travel tobarnsmor til to gutar på ni og sju og visste ikkje at det skulle komme ei dotter eitt år seinare. Og vi hadde flytta til vårt eige hus og eg hadde begynt å plante tre og blomar i min eiga hage.

* For ett år siden:
Debuterte eg med bok.


* Fem lekkerier:
Kanskje meir lyster og uvanar, men tsatsiki, øl, petterøes nr 4, mørk sjokolade og det meste min kjære sett på bordet

* Fem sanger jeg kan teksten til:
Etter tretten års samliv er det enno godt å høyre min kjære bryte ut: Kan du den teksten også?
Tracy Chapman: Baby Can I Hold You (i riktig gamle dagar, den gong vi hadde kassettar, gjekk eg rundt på campus i USA med ho på øyret og song og song, sorry, is all that you can say, years gone by and still…)
Paul Simon: Still Crazy After All These Years (til mi store sorg kan ikkje pianisten min akkurat den, men han er under press)
Jan Eggum:
Ei natt forbi
Beatles:
Something
Sigvart Dagsland: Alt eg såg


Melankolikar? Eg?


* Fem ting jeg vil gjøre med 100 millioner kroner:
Slette mi og andre si gjeld. Skaffe meg skrivestove. Kjøpe meg spegelreflekskamera. Kjøpe min kjære digitalt videokamera. Kjøpe meg skrivefri.

* Fem steder jeg vil stikke av til:
Eg trivest best heime, men Chios vil eg gjerne tilbake til. Og Reykjavik. Og Roma og London og Paris er vel sjølvskrivne for ein romantikar?


* Fem ting jeg aldri vil iføre meg:
Månesko. Leopardbukse. Dykkardrakt. Tupé. Lakk og lær.


* Fem yndlingsTV-programmer:
Eg ser mindre og mindre på TV. Men eg ser fotball, eg elska Krøniken, Seks fot under og Kalde føtter. Kanskje kjem eg på fleire.


* Fem største fornøyelser:
Sove lenge og vakne i lag med dotter mi.
Skrive. Lese. Grave i hagen. Fotografere.


* Yndlingsleketøy:
Laptopen min, ein HP Pavilion zt 3131EA. Fotoapparatet mitt, eit Canon Powershot s70. Og dei eg elles leiker med.


* Sender utfordringen videre til:
Frk. Hansson har (igjen) allereie gjort det. Men les du dette og kjenner for det, feel free.

6.10.05

Eg køyrer kvardagar


med liten jentekropp i, krigsmåla med sandkassefargar og songar om sol i brystet, køyrer gjennom oktoberregn med tung overtid, skinnfrie pølser og aviser frå i går, får vi mat no snart? Snart er omnen klar og klokka seks og eg køyrer kvardagen til mørklagte fotballbanar, sokkane lyser så kvitt og luggen vippar så mjukt der han tråkkar sine fjorten år over grusen i piggfrie sko og ristar av seg ei varm hand på ryggen, eg kjem, snart kjem eg med ekstra ost under grånande gatelys og oppgåve fem må du løyse med verb, du veit, koke, vaske, rydde, moppe, meistre, trøyste, køyre, ja, eit lite glas juice kan du ta, ha det bra, eg er i siste rundkøyringa og baksetet er stille og neste trening begynner sju og kvardagen bryt fartsgrensa forbi sjølvlysande politi og eg sjekkar spegelen etter blålys og omvegen heim er lang og når eg endeleg stansar vil ho ha ei historie med i draumen og får den om ein fjert som heiter Per og ho ler så høgt at ho punkterer alle dekka i eit rusande caddilacdikt