Og vinnaren er...

Eg får tekstmelding frå syster mi: Innsjå det, vi begynner å bli gamle.
Ho sitt i ein annan by og mimrar. Som eg. Det er laurdag kveld og på NRK1 skal tidanes Grand Prix-låt kårast. Eg er sur fordi eg er forkjøla og ikkje klarer å synge med. Men den mannlege delen av programledarduoen får meg til å smile. Mykje og ofte. Han får meg til å hugse ein vårkveld for fem år sidan då eg kjente meg som fjorten igjen. Smilet og fotarbeidet og hoftevrikkinga til Reynard Cowper i latviske Brainstorm (i front) gjekk rett heim. My Star het låta og dei vann ikkje. Dei kom på andreplass, men vann mitt Grand Prix-hjarte. Og det hjartet har slått lenge. Syster mi skriv at programmet får ho til å tenke på mamma, på spenning og god mat. Det har ho rett i. Og eg hugsar at eg drøymde popstjernedraumar. No er det dotter mi som kjem springande når ho høyrer fine melodiar. Viss Grand Prix eksisterar om ti år, skal eg dele draumane mine med ho. Og spele My Star.
ps: Waterloo er tidanes GP-låt.
Kva for ein er din?





3 kommentarer:
:)
Ja det var noko med stemninga rundt desse store Tv-kveldane i gamle dagar. Det har du rett i. Dei samla oss på eit vis. Nå ligg fjernkontrollen på sofaryggen, kanalane står i kø og eg gjekk glipp av mykje mimring i går kveld. Dessverre. Men ”Waterloo”var av dei heilt store, ingen tvil om det. Kanskje ser eg nærare på lista og kjem med andre favorittar seinare.
Du skriv om dotter di som kjem springande, det får meg til å tenkje på ein gammal videosnutt vi har liggande. Ein rosakledd treåring sit i ei huske i hagen og syng ”La det svinge” så det ljomar over bærbuskane. Trur eg må leite fram att den neste gong ho kjem heim.
Torunn
Interessen for Melodi Grand Prix har nok dabbet noe av de siste årene, men en gang var det årets høydepunkt.
Husker vi var fire jenter som kledde oss ut og sang " Waterloo" i hver vår ende av to hoppetau.( Men først hadde vi hatt en lang krangel om hvem som skulle være Agneta Fältskog )
Favoritt? Hun som vant i 1973 for Frankrike ( eller var det Monaco?) Kan i alle fall ennå refrenget på den!
irene
Jeg så programmet sammen med svigers, som da hadde et forhold også til de veldig gamle sangene. Morsomt.
Jeg heiet på waterloo, men syntes også at gjensynet med tyske Nicoles enkelhet i den ellers så overdådige glammen var veldig behagelig
Grand Prix så jeg på i vår, men har ikke sett programmet skikkelig på sikkert 15 år. Nå er ungene i den alderen at jeg antakeligvis er benket foran finalen med god mat helt klar for familiekos noen år fremover.
Legg inn en kommentar