31.1.10

Å ta seg bok over hodet

 

Det har jeg gjort.

Denne biografien er påbegynt.












 

Men så burde jeg kanskje lese denne først?












 

Og denne har jeg begynt på. Men så ramlet jeg litt av fordi det kom en festival.













 

Og så kom jeg over posen fra biblioteket der også denne lå, og nå er jeg solid på etterskudd med lånetida...
















... og snart kommer denne: 













Gi meg lesestyrke!

25.1.10

Pokal


Min aller første bloggpris. Tenk, det!
Frå finfine Knirk. Som bloggar så godt i wordpress. Og gjer meg litt avundsjuk. Men det går fort over.

Kriteriene som følger med å få denne prisen er:
- Kopier awarden til bloggen din.
- Link til den personen som ga deg awarden.
- Fortell 7 interessante fakta om deg selv.
- Velg 7 andre bloggere som du sender awarden videre til.
- Link til deres blogger.
- Legg igjen en kommentar i bloggen deres slik at de får vite om denne awarden.


Interessant?! Eh. 


    ♥ eg er hagedame og har hageblogg

     

    ♥ eg drøymte som lita om å vere syngedame



    ♥ eg hatar å gå på ski




    ♥ eg elskar sport på tv

     

    ♥ eg lærte å strikke på barneskolen. eg lærte meg å hekle i fjor




    ♥ eg fekk sjokk då eg forstod at fleire enn fem visste om denne bloggen



    ♥ eg har hatt draumelaget mitt på trykk i Dagbladet

     


    ♥ eg har bestemt meg for å sleppe laus mi språklege forvirring i bloggen i 2010, så sjå opp for tromsødialekt, bokmål og nynorsk.




      Her er eit par fotobloggar eg liker godt! Foto inspirerer meg til å skrive.



        20.1.10

        Sorry. Seat taken.





        Eg fekk aldri med meg Drive In under open himmel i USA. Men eg fekk med meg Taco Bell og take away. No går det i lite mat og mykje film. Det vil seie, så mykje film som ein rekk når det er så mykje anna som skal gjerast på ein jubilerande filmfestival. Men eg er glad for alt eg får sjå.

        Sjåast!

        17.1.10

        10.1.10

        Multitasking


        2.1.10

        Last






        Så hadde eg ikkje gløymt det likevel. Juninatta som stod tent som ei tidlaus Lucia-stjerne og lyste opp heile landingsplassen, innkomsthallen, heile byen, havet og fjella, ein heil landsdel kasta ho lyset sitt over fordi du var venta. Di første reise, din første retur og eg attmed det uendelege glaset med fingermerkar etter alle som hadde venta før meg, alle dei som hadde stått der eg stod no, det var groper i linoleumsgolvet etter dei, digre hol var det og mine føter forsvann så djupt i spora deira at eg måtte strekke hals for å sjå blinkinga på himmelen, som ein puls frå maskinar som held folk kunstig i live, rytmisk, monotont, igjen og igjen desse blinka mot himmelens eige nattlege lys før den store kroppen drønna mot tørr asfalt og ein himmelsk hærskare kom ut, rista av seg søvn og matsmular og skrukkene i skjørt og skjorter, glatta seg ut i ei krokete rekke av menneske i sommarklede som smalna og smalna til det berre stod ein prikk igjen. Du.

        No høyrer eg lyden på ny. Ei rumling går over byen. Det same lyset blinkar i mørket, taktfast som frå ein paukist. Tungt sveiper flykroppen over hustaket. Eg stirer gjennom stueglaset, følgjer rørsla med augene og veit at sete tolv er lasta med sorg.

        Godt nytt år!



        Og takk for det gamle til alle som har vore innom her i året som gjekk!
        Eg ser fram til eit nytt lese/skrive/blogge/fotoår!

        Her er bøkene eg las i fjor:
        Knausgård er og blir min mann på denne lista.

        Langeland, Riley, Øybø: Amerikanske tilstander
        Beate B. Valdez: Ennå er jeg her
        Per Petterson: Jeg forbanner tidens elv
        Gunnar Haugland: Kjære venn - brev mellom dikteren Arild Nyquist og maleren Gunnar Haugland : 1962-2004
        Per Olov Engquist: Et annet liv
        Elizabeth Noble: Til mine døtre
        Per Olov Engquist: Styrtet engel
        Jørgen Gunnerud: Djevelen er en løgner
        Bjørn Westlie: Fars krig
        Bjørn Olav Jahr: Rus og rolex
        Pelle Sandstrak: Mr Tourette og jeg
        Easterine Iralu: Nagalands døtre
        Anna Bache-Wiig: Lasses hus
        Kjersti Kollbotn: Eg er mamma. Eg skal vere god
        Anita Arildsdatter Pedersen: Snør det utenfor vinduet ditt også?
        Tordis Ørjasæter: Dagen og dagene
        Eva Lind Karlsen: Kjærlighetens flyktninger
        Linn Kathrine Skaret-Johnsen: Takk, det går bra
        Ingmar Bergman/Maria von Rosen: Tre dagbøker
        Ulla Isaksson: Boken om E
        Gunnhild Corwin: Idas dans
        Sigrun Slapgard: Sigrid Undset - dikterdronningen
        Selma Lønning Aarø: En rekke avbrutte forsøk
        Rohinton Mistry: Balansekunst
        Marit Tusvik: Sigrid Finne
        Selma Lønning Aarø: Venstre hånd over høyre skulder
        Vigdis Hjort: Hjulskift
        Anne B. Ragde: Nattønsket
        Espen Olafsen/Per Arne Dahl: Hva skal vi med stjerner nå?
        Karl Ove Knausgård: Min Kamp 1
        Margaret Skjelbred: Mors bok
        Live Landmark: Vekk meg når det er over
        Lise Genova: Alltid Alice
        Karl Ove Knausgård: Min Kamp 2
        Kristopher Schau: På vegne av venner
        Karl Ove Knausgård: Min kamp 3
        Herbjørg Wassmo: Hundre år