Last
Så hadde eg ikkje gløymt det likevel. Juninatta som stod tent som ei tidlaus Lucia-stjerne og lyste opp heile landingsplassen, innkomsthallen, heile byen, havet og fjella, ein heil landsdel kasta ho lyset sitt over fordi du var venta. Di første reise, din første retur og eg attmed det uendelege glaset med fingermerkar etter alle som hadde venta før meg, alle dei som hadde stått der eg stod no, det var groper i linoleumsgolvet etter dei, digre hol var det og mine føter forsvann så djupt i spora deira at eg måtte strekke hals for å sjå blinkinga på himmelen, som ein puls frå maskinar som held folk kunstig i live, rytmisk, monotont, igjen og igjen desse blinka mot himmelens eige nattlege lys før den store kroppen drønna mot tørr asfalt og ein himmelsk hærskare kom ut, rista av seg søvn og matsmular og skrukkene i skjørt og skjorter, glatta seg ut i ei krokete rekke av menneske i sommarklede som smalna og smalna til det berre stod ein prikk igjen. Du.
No høyrer eg lyden på ny. Ei rumling går over byen. Det same lyset blinkar i mørket, taktfast som frå ein paukist. Tungt sveiper flykroppen over hustaket. Eg stirer gjennom stueglaset, følgjer rørsla med augene og veit at sete tolv er lasta med sorg.






2 kommentarer:
Kjempefint!
Takk skal du ha!
Legg inn en kommentar