Det er noko eige med hender
Eg har alltid vore svak for hender. Sterke hender. Mjuke hender. Tørre handflater. Store, små. Lange, slanke fingrar som speler. Ivrige hender som skriv.
Det er så mykje hender kan gjere. På godt og vondt.
Eg hjelpte ei gammal dame over isete veg i dag. Ho fekk mi høgre hand. Og eg fekk eit varmt smil. Og ei god kjensle.
Kva har dine hender gjort i dag?






2 kommentarer:
Dette bildet likte jeg veldig godt!
Og så er det så viktig det du sier,
så enkelt og så viktig. Noe å gå etter, tenker jeg...
mvh Torunn
Så fint at du likte det.
Ha ei fin veke!
Legg inn en kommentar