5.6.09

Revolutionary Road










I går fekk eg endeleg sett Revolutionary Road.
Mannen hadde han med heim. Eg blei så glad. Det er ein av filmane eg hadde på må sjå-lista mi, men eg hadde nesten gløymd han av. Det er så mange filmar, og tida går så fort. Men i går kveld fekk eg altså sjå han. Eg seier berre: Åh!

Regi, manus, skodespelarar, historia! Basert på Richard Yates’ roman med Kate Winslet og Leonardo DiCaprio i hovudrollene.
Kvernande, intenst spel og umuleg å føreseie kva som skal skje mellom ho og han som prøver å leve eit liv i lag med ulike draumar. Etterpå måtte eg google Sam Mendes og blei litt flau over at eg ikkje hugsa at han er regissøren bak American Beauty.


Gode filmar gir meg lyst til å skrive.

Eg skriv ikkje for tida. Eg går og samlar på ord i mi eiga gate.




2 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg er ingen filmentusiast, men denne har jeg bestemt meg for å se.

Midifila sa...

Håper han fell i smak:)