27.9.05

Om å seie ifrå


”NB Denne gangen takker vi ikke for foreldremøtet, selv om MANGE bidro med kaker og gode innslag! Det var en frustrerende opplevelse for oss 3”

…stod det på sonen sin arbeidsplan. Eg såg det i dag. Eg var på foreldremøtet i sjette klasse. Og opna kjeften. Enda eg hadde lovt meg sjølv at denne gongen skulle eg teie. Og då eg las det som stod der steig ein lang og skeiv peikefinger opp frå arket og dirra framom nasen min. Fy!

Eg innrømmer her og no at eg langt frå var diplomat på det møtet. Eg har ikkje for vane å vere krass, men eg var det. Eg sa ifrå. No angrar eg.

Eg skulle ikkje reagert på at dei er tre gruppelærarar for dei tre gruppene på sjettetrinnet, men at berre ei av dei er ei full stilling. Den andre er halvt sjukemeldt og snakka til oss som om vi var ungar. Den tredje har fri kvar måndag og såg ut som ho hadde ete ti sitronar rett før ho kom. Eg skulle ikkje reagert på at dei går igjennom matten i siste time på onsdagar, men må begynne å arbeide med nye matteoppgåver (deling) allereie på måndagen. Og fredag skal arbeidsplanen leverast inn. Og arbeidsplanar, sukk og stønn. Udugelege ungar!

Eg skulle ikkje sagt at det er ikkje er alle foreldre som er heime og kan hjelpe ungane med matten når dei kjem frå skolen. Og mora som sa at ho hadde sete med sonen i tre timar og løyst matteoppgåver, skulle nok også halde munn. Og eg skulle ikkje påpeikt at det ikkje var eit personåtak, men at lærarane må ta det inn over seg når så mange foreldre fortel om ungar som slit med matematikken.

Eg skulle ikkje sagt at eg opplevde at dei sendte ut svært negative signal, men at det kanskje skuldast at eg kom frå ei anna foreldremøte som sto i sterk kontrast. (Der blei vi foreldre møtt med smil, men det sa eg ikkje.) Vi skulle ikkje reagert på at dei deler dei tre gruppene opp, så ein lærar har 26 elevar i gym. Dei må dusje, snurpa ho som ikkje kan smile. Det er prinsipp, sa ho. Kan det vere ein grunn til at noen ikkje vil dusje? spurte ei mamma. Nei, det er tre dusjar på sju gutar, var svaret ho fekk. Men eg veit om ein gut som sendast i dusjen før dei andre for ikkje å bli erta.

Etter to timar tok eg jakka på og då løyste møtet seg opp. Og no, no skulle eg eigentleg skrive ein tekst om å drible seg inn på laget i arva sko. Det skulle eg, og eg skulle kanskje ikkje sagt ifrå?

5 kommentarer:

HeNo sa...

Det som iallefall er sikkert er at det er foreldrenes plikt å ta det ansvaret å si i fra, behagelig eller ubehagelig opplevelse.
Det er foreldrenes plikt å sørge for at skolen gir ungene den undervisningen de har krav på, Og om lærerne synes det er en frustrerende opplevelse at foreldrene sier i fra, engasjere seg i det som faktisk er deres plikt som voksne ansvarlige mennelser, er det en særdeles uprofesjonell holdning. Desverre ikke unik.
Det var godt du sa i fra.
Og viktig.
Og det skulle bare mangle.
Og du skal selvfølgelig ikke angre!!

Irene Larsen sa...

Når systemer og prinsipper gjør at man mister gangsynet, får man bare tåle en trøkk.

( Og sutremeldingen på ukeplanen etterpå, var å gå langt over streken!)


irene

marte sa...

Jeg kjenner at jeg blir svært, svært oppgitt - og nesten sjokkert over at de kunne skrive en sånn kommentar på arbeidsplanen - etter møtet!? Det høres for meg ut som direkte barnslig oppførsel!

Si meg - er det bare ord det som står i Opplæringsloven, paragraf 1-2 der det understrekes at "skolens opplæring skal skje i samarbeid og forståing med heimen?"
En skulle tro at foreldres mangel på oppfølging med barnas skolehverdag er et større problem i dagens samfunn?

Det er bra du sier fra Tove.

Kanskje ble de litt tatt på senga. Kanskje er forsvar og surmuling bare en første reaksjon? Kanskje tenker de annerledes når de får tenkt seg litt om - og går i systemet, rutinene og prinsippene og leiter etter løsninger som fungerer bedre for de mange det gjelder? Det har skjedd før det, vet du, at folk tenker annerledes når de får summet seg....

La oss håpe det!
Og du får ikke et øyeblikk lov til å angre for at du snakker sønnen din sin sak! Lov meg det!

Marte

Midifila sa...

Eg vil jo helst vere ven med heile verda. Eg liker ikkje agg i kroppen. Og ein kan jo bli blind for eigne meiningar. Derfor gjorde det godt å få så klåre reaksjonar. Ikkje minst var det godt å skrive frustrasjonen av seg:) Takk.

Midifila sa...

Eit lite ps høyrer heime her. For noen dagar sidan kom ein liten, raud og pent samanstifta lapp heim med sonen min. Lærarane beklaga at "frustert"-meldinga stod på arbeidsplanen. Ergo er det ikkje berre eg som har reagert.