Kroppsleg prosa
Ps. Det merkelege er at eg har følgt Flimre lenge. Heilt frå ho skreiv festlege sekvensar om møte med kjendisar i Tigerstaden. Og brått hadde ho gitt ut bok. Artig! ds
Ho har fått mange flotte kritikkar og er ein bloggar eg må innom dagleg. Før jul fekk eg boka hennes i posten. Det er eg glad for.
For Ingen må vite er god. Like god som historia er vond. Den om Ingeborg med det raude håret som stefaren Gabriel druknar fyllepusten i. Når det var Mikkel som skulle gjere det. Med ung ande. Forsiktig.
Likevel forelska eg meg mest i språket. Pulserande og kroppsleg prosa, rik på poetiske vendingar som hogg, som dreiv meg framover, som fossen Ingeborg går for nær.
Regnskyene siglar med tunge segl.
Ho veit ikkje når ho får sjå han igjen.
Ho går ut til klatretreet og lener seg inntil stamma. Legg
armane kring treet og lèt regnbya skylje over kroppen. I
lomma ligg den runde steinen.
Regnvatnet fløymer stritt nedetter kinna, bløyter kleda.
Renn frå håret og iskaldt ned i nakken.
Ho legg munnen inntil stamma.
Først berre dei stramme leppene. Så skil ho dei og
smaker. Smaker regn og jord. Ho strekk ut tunga og slikkar
borken. Grove, grådige slikk.
Ho er eit tre.
Han er eit tre til å slikke på.





4 kommentarer:
Ja, ei nydelig bok. Jeg likte også særlig godt de linjene du siterer her.
Tusen takk for fin omtale!
Eg likte at du valde nett dette utdraget.
Berre hyggelig!
Godt nytt år.
M.
Hei, og godt nytt år!
Denne boka står nå høgt på leselista mi.
Hilsen Torunn
Legg inn en kommentar