23.12.08

Det lyser i stille grender


Heimen og treet er pynta, ungane kan ikkje vente, men må. Og eg, eg nyt den beste kvelden i året. No som alt er på plass. Også julestemninga. Og før eg sett på Solveig Slettahjells nye juleplate, nynnar eg på songen eg song i kyrkja som lita jente, og ønsker alle ei riktig god jul.


Det lyser i stille grender
av tindrande ljos ikveld,
og tusunde barnehender
mot himmelen ljosi held.

Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens frelsar
som barn i ein vesal stall.

Han låg der med høy til pute,
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.

Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by,
den evige himmelsongen
som alltid er ung og ny.


Jakob Sande.

3 kommentarer:

Irene Larsen sa...

Hils den som har laget juletreet til høyre her oppe og si at det var råstilig. Et sånt et ønsker jeg meg til jul neste år.

Her i huset har vi i alle fall fått ryddet såpass at bordflater og golvflater har kommet frem, og vi sier oss i grunnen fornøyd med det. Lenger kom vi oss bare ikke i år.

Ei riktig god jul til deg og dine! :)

Hisen fra Irene

Anonym sa...

God jul til deg!

Midifila sa...

Irene: Det skal eg gjere! Eg trur det er snuppa, men er ikkje sikker...

a9ta: Til deg også!