11.7.05

Har du ei ledig fil?


Han heiter Asono og har nettopp komme i hus. Kjærastar vil eg ikkje påstå at vi er, enno, men utelukke det heilt vil eg heller ikkje. Akkurat no ligg han og lyser blått frå eit punkt på magen, godgjer seg med straum frå laptopen. Ein song har eg klart å få i han. Ikkje verst bare det. Men han har visst nok plass til eit heilt festmåltid. Sorga er at Waterboys-plata eg lasta over på pc-en for å mate inn i nyvinninga, ikkje kom ut i mp3-format.

Om eg veit kva eg skriv om?

Ikkje heilt. Det er derfor vi bare er litt avstandsforelska, Asono og eg. Enno.

Ps: Det bilhjulet til venstre kan eg ikkje forklare. Eg reknar med at det er ein mann som har laga annonsen.

Pssst: Har du ei ledig fil av den rette velklingande sorten? Eg og Asono sultar.

4 kommentarer:

marte sa...

hei

har forbarmet meg over dere - filer er sendt...flere kommer :)

ps: kjekk han der da, tove, skjønner at du er attraktert ja ;)

HeNo sa...

Forsto ikke i det hele tatt hva det var. Trodde det var noe med bil...
Ikke har jeg greie på MP3 spillere heller, men den var da lekker?

Jeg har desverre bare en del av
Schni Schni Schnappi som jeg lastet ned som ringelyd på den nye mobilen min (kjøpt for første gang i mitt liv) fordi jeg tenkte ungene ville bli vilt begeistret.
Istedet syntes de jeg var skikkelig barnslig, og mente jeg heller burde ha Wig Wham`s vinnermelodi......

Men si i fra...
:-)

Midifila sa...

Der blei vi litt forelska i deg òg!
No overdøyver songen regnet som trommar på taket...

:)

Midifila sa...

Har sansen for ungane dine, frk. Hansson. Trur dei har same, fine humor som mor si.

Kanskje det eg gjer no kallast bloggtigging??