Fotografi av to som dansar

For første gong glir tunga mi mot ei anna tunge. Som småslangar kan tunger te seg då. Som svaler og flaggermus i frakkar kan dei te seg. Men når eg no i vaksen alder stavar namnet hennar i søvne og på stigande rus kjennest tungespissen kryptisk og utvatna. Som ei gammal sorg i
lydskrift.
Robert Bly skreiv ein gong ei bok om skuggar.
Frå Øystein Hauges diktsamling Fotografi av to som dansar
---
Det lille eg kan om haiku, har Hauge lært meg.
Sjekk ut haikusamlinga Grønt frå 2000. Fotografi av to som dansar
kom i 2005. Eg kan ikkje hugse at boka fikk særleg mykje omtale.
Så eg løfter ho fram her.
"Dikta faldar seg ut gjennom bilete, assosiasjonar og kan i si rørsle minne om ein film som glir over den kvite duken.", skriv forlaget.
Dei har heilt rett.
ps. Linjeskifta er ikkje heilt etter boka. Eg skuldar på blogspot.





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar