20.12.09

Desemberdikt 20

Du går ut med søpla. Eit øyrebein frå ein torsk stikk ut av bioposen
og rispar deg i handflata. Dette er kva som helst slags stad. Ei
uidentifiserbar innkjøring langs ei rett vegstrekning. Støvet er i ferd
med å senke seg på asfalten og ei vegstikke har slutta å dirre. Snart
vil ein ny bil nærme seg og passere, snart vil du gå opp mot huset
igjen og det nølande ganglaget vil høyrast i grusen. Lydar vil krysse
kvarandre. Ei raud stripe vil springe ut frå eit nullpunkt.


Irene Larsen

3 kommentarer:

Anonym sa...

staden
kvarhelst ingen
til du peikte eg såg
der hadde vi møttest men gått
til hit

*tapastråkk*

Irene Larsen sa...

Hyggelig at så mange kvinnelige poeter slipper til i julekalenderen din, Tove!

Og finfint tapastråkk av nynorskorrekturleseren min.
Hei på deg!:-)

Midifila sa...

Jepp. Dette er kvinnediktkalenderen 2009. Som litt motvekt til Knausgård & Co ;-)

Og hei til korrekturlesaren også.
Eg har ikkje gløymt deg!