11.9.08

VV Cephei



På tur gjennom natta, på tur gjennom timane, gjennom denne veven vi kallar
verdsvev, som berre er der ute, uforklarleg, flyt trådlaust gjennom rommet,
mellom meg og deg, gjennom kontaktar og kablar og ut frå veggen, den gule
veggen og nedi jorda, borte under bakken, nedi bakken der vatnet irrar og
svekker signala så alt hakkar eller heng, eg trur det var ei natt som denne, tidleg
i september, eg hadde lengta etter indian summer, som den hausten Diana
døydde, då vi plukka blåbær og sveitta i lyngen mens ho låg forvridd i Frankrike
og fotografane sakte kjølna, så varmt blei det aldri igjen, men det må ha vore ei
natt som denne, berre det blå lyset frå maskina ut i rommet, i verdsrommet,
i veven av bilete som heng igjen etter ein lang dag, og nokon, eg hugsar ikkje
kven, peikte ”sjå, sjå her, visste du det” og eg kjente meg dum, for eg trudde
kloden eg klamrar meg til her eg sitt på stolen, den raude stolen i det nattstille
rommet, var blant dei største, nest etter sola, men eg tok så feil, og det er
ikkje første gongen eg skjems over alt eg ikkje kan, alt eg ikkje hugsar,
alt eg har gløymt fordi eg ikkje følgde godt nok med då læraren trekte
ned kartet med ein endelaus himmel og peikestokken stoppa i lufta og
eg fekk ikkje puste fordi blyanten voks i munnen og eg spytta ut namn
på stjerner som gjekk i korte kjolar og toppa hitlistene og no kjem
alt attende, på den lydlause skjermen triller dei etter kvarandre, planeter
og stjerner, større og større, Pluto, Merkur og Mars, Venus, Jorda og
Neptun, Uranus, Saturn, Jupiter, sola, Sirius og Vega, Pollux, Arcturus
og Aldebaran, Rigel, Deneb og Pistol star, Betelgeuse, Antares og
vinnaren VV Cephei – 2.644.800.000 kilometer i diameter.

Les du dette no, nådde eg fram.
Men ingen veit kor Diana skin.

2 kommentarer:

Anonym sa...

nådd fram
du gjorde det
i eit sus utan lyd
eg fekk sjå kor Diana skin
for meg

*undringstapas*

Midifila sa...

Takk og takk, snille du!