15.9.08

Odd er i hus

Eg trur hausten kan bli fin.

To år etter suksessen ”Heim te mor” er Odd Nordstoga attende med eit ganske annleis prosjekt. ”Pilegrim” tek som tittelen viser utgangspunkt i vandringsmotivet, og tekstane, som er skrevne av Ragnar Hovland og Stein Versto, krinsar alle på ulikt vis omkring dette temaet. Nordstoga har med ”Pilegrim” gått nye vegar med musikken sin, og har samarbeidd med to av norsk jazz største personlegdomar; Ståle Storløkken (synth) og Arve Henriksen (trompet). Nordstoga har forutan Henriksen og Storløkken med seg Georg Buljo på elgitar, Sondre Meisfjord på bass, Erland Dahlen på trommer og Nidaros strykekvartett.

Les eg her. Kjem han til ein stad nær deg, ikkje sitt heim(e) te mor!

Ingen kommentarer: