
Og du kan sove på taket, kjære,
det er berre å ta stigen fatt, han ventar,
ventar på uendelege trinn inn
over slettene der graset ligg og gulnar
og skyene har strødd seg ut som skog
i utkanten der du kan ligge
og undre deg over
korleis du kom deg opp
denne gongen, korleis
du henta krefter då draumen
sprang ifrå deg på Mjølkevegen
og rann ut i siste sving
og du ligg der, under den store grana,
og høyrer toget rumle som svelt
i magen og kjem du heim
med ein dieseldriven krokodilleamazon
skal eg kanskje
stryke deg med halen
Kunstverk: Yerka
AUGUSTMENYEN; TUNFISKTARTAR, KYLLING SATAY OG RIPS- OG JORDBÆRSUPPE
for én uke siden





3 kommentarer:
Flott!
Her har du virkelig latt deg inspirere.
Det var forresten så myke og fine overganger mellom linjene i dette diktet.
Irene
valde
vende attende
ville vere jorda
vøle byggje grave grøfte
verke
stige
står to vegar
stig du opp må du ned
sanning sigrar i sitt stille
sjølvsagt
*tapastakk*
Takk og takk!
Godt å skrive litt igjen.
Trur eg må google meir kunst og sjå om det skjer noko.
Legg inn en kommentar