7.9.05

To dikt til eitt fjell

Eg vil du skal kle av deg

Eg ventar på at du skal kle av deg Du seier du
er vakrast i kvitt der du står i nystroken
skjorte, måneskin i mansjettknappane og
slipsknuten du har knyte sjølv Kvar dag kjem
eg deg i møte med honning og bjørnespor,
solgangsbris og havfruesongar, perlemorslatter
og tronge juv og ber deg losne på skjorteflaka,
drege ut beltet, kippe av deg skoa mens
himmelen skiftar farge Eg vil du skal kle
av deg, at du skal opne knapp for knapp til slipset
sklir glatt nedover oksenakken, glidelåsen
vrenger seg som spjerra buk, buksa fell
i ein fornærma krøll og om det ikkje er for mykje
bry, by meg nyklekte fugleungar




Du må ikkje, må ikkje



kle deg i kvite draumar, eg kviler enno
i gult og brunt og dropar av grønt kler håret på
ein strigla dag med båtar som kjem og kjem
under grå betong mens du berre står der og
ventar, eg såg deg nok i går igjen, du sto utan
blygsel i den nye nattskjorta di, ho blafra i
restane av ein sein septemberstorm og eg har eit
dikt i dvale og ei gammal skavl i hjartet Si, skal
vi smelte tre rim, bryte to linjer, dele ei seng og
ligge og sjå dei siste strålane søkke sakte over
Hollendaren, breie lauvet over oss, høyrer du,
du må ikkje, må ikkje kle på deg no, eg frys
berre litt og i koppen syg teposen vatnet opp
og fuglane, fuglane kjem snart heim

4 kommentarer:

Anonym sa...

fjellet
svarar snøkvitt
eg veit deg kjenner deg
du skal bli trolldregen inn hit
til meg
no eg
hentar dukar
berre vent litt det blir
drabeleg fest først og så ei
stille

*fjelltrolltapas*

HeNo sa...

Dikt og motdikt,
kle av og kle på etter årstidene,
ja dette stemmer!

marte sa...

...eg vil - og du må ikkje, du må ikkje. Storm og kjølige drag,varm te og fugleunger. Rik tekst, rå virkelighet, september både inne og ute, både avslutning og begynnelse.

Jeg liker å lese dette - du holder på leseren Tove!

Mvh Marte

Midifila sa...

Takk og takk. Det første diktet kom av seg sjølv. Det andre er eit motdikt skrive på oppmoding.