Poet og pianist
Vi hugsar ikkje sist vi gjorde det, men vi gjorde det igjen sist søndag. Mens storebrørne passa dottera vår, gjekk vi på kino. I lag. Frå rad åtte i sal fire satt vi og såg Giganten.
Han kom så nær, han var så stor, han mangla det blå i auga, men han lyste likevel. Og han las
frå sitt indre minnekort og når han berre snakka, var det som om han las likevel. Og eg gret. Eg tørka meg med handbaken og genserermet og eg gjekk ikkje tørr. Eg har prøvd å finne ut kvifor det blei så mange tårar, men eg finn ikkje svaret. Det finst så mange svar. Og døden kom så nær, igjen.
Og eg tenkte då eg gjekk ut, at eg må leve livet betre, sterkare, eg må vere mindre redd og meir glad. Og eg må vere poet. Og du min pianist.





4 kommentarer:
TAKK
for at du skriv slik ..
ikkje ei anmelding
men om ei oppleving
at du bryt bodorda om
å vere profesjonell
då gret eg og
for det er dette poetar og pianistar
kan
dei er skapargudar som gjer meg om
til ein annnan enn det eg var før
det trengst
difor må eg lese alt du skriv
Synes Jostein sa det veldig godt her!
Dessuten har du sagt det så inderlig godt selv.
Og de to siste linjene da!!!!!
Gode du!
Veldig sterkt og flott beskrevet, Tove!
/ Han mangla det blå i auga, men lyste likevel/
Nydelig!
irene
Eg sukkar stille over sånne bloggkommentarar og kviskrar takk.
Legg inn en kommentar