Mor mi er eit museum (oppgåvedikt)
Eg skrur ned skiltet til berre pikenamnet står att. Så skriv eg
døra av hengslene. Ho er så lett og eg er tung og saman er vi
mønsteret i mørtelen. Muren er ein roman for dei langsame.
Nokon har bore kapittel heilt hit. Kanskje kom dei frå havet,
frå fjæra vassa dei i land med blyge bryllaupskyss og barneskrik,
kister og kalosjar og korsa seg under skomakarfjellet. Ho grov
i jord, planta løytnantshjarte attmed husveggen og tørka dei
under blusen. No pressar dei orda tettare saman. Eg kiler eit strå
inn mellom dei to minste steinane og tek imot veggane med mjukt
viskelær. Permen brettar eg til eit tak. Så malar eg auga mine grøne,
klatrar opp på fjellet og ventar på betalande gjestar.





5 kommentarer:
Dette tror jeg faktisk må være noe av det beste jeg har lest av deg, Tove!
Et dikt med stor tyngde og slående bilder.
Gjennomført. Finstemt. Flott.
(Og godt å se deg i skrivemodus igjen!)
irene
Så kan altså ei oppgåve føre til noko godt. Eg takkar med varmt hjarte, Irene!
var mor di museum
kva var då far din
når det kunne bli eit så vellykka barn -
eller
når dette er svaret
kva var då spørsmålet -
veit berre
det ofte krevst høg kvalitet
frå den kanten òg
far min
granska trea
vi kom frå
havet
årelause
Legg inn en kommentar