24.10.09

Leave me alone


Godt å gå. Godt å vere. Lukte. Puste. Rundt eit vatn. Lufta er krydra av oktober. Eit mildt etterbarberingsvatn. Mannen som kviler mot eit gjerde. Kvinna som går så sakte. Gutungen som spring ifrå faren. Fuglen på det islagte vatnet som sklir mot land. Den låge sola og dei lange skuggane. Og eg som går og går og lengtar etter nye ord.

3 kommentarer:

Anita sa...

Dette var fint!

Anonym sa...

Kor godt du skriv, alltid, ei glede å lese!

Endå ei Anita

Midifila sa...

Så fine Anitaer:)
Takk og takk!