25.9.09

"Forfatteren og tingene"




Interessant radiointervju med Karl Ove Knausgård: "Forfatteren og tingene".

Eg har vore pjusk. Eg har lege på sofaen under eit pledd og lest Min kamp.
Eg kjenner meg som ein narkoman.
Eg vil ha meir. No.

Sjølvsagt er det ikkje alt som er like briljant i romanen (dei lengre partia som flyt ut i essayistisk kunstprat og filosofi gjer meg utålmodig - og seier kanskje mest om meg, og den irriterande bruken av ordet likesom), men så er det altså tonen, dirringa, det hudlause, det som gjer meg som lesar på vakt, det inngåande - i sjel og prosa og liv og dikting. Sukk, sukk.



Interessant blir det også å følgje dette aspektet.
For kor går grensene for kva ein kan skrive når ein skriv om dei som står ein nærmast?

Elles kunne det vore kjekt å sitte i salen på Lindehuset 8. oktober når Knausgård skal samtale med Tore Renberg om sin forfattarskap, litteraturen og livet.

4 kommentarer:

Lille søster sa...

Takk for tips om radioprogram. Et veldig spesielt prosjekt, dette. Knausgård der modig.

Midifila sa...

Han er det, ja.
Og som mange har påpeikt allereie; den som står mest naken att er han sjølv (jamfør truslar om saksøking m.v.)

Anonym sa...

Jeg var jo på biblioteket for å se etter denne, men så hadde de jo aldri hørt om den(!) Jaja ..

Midifila sa...

Er det no ein skal le eller gråte?