3.11.08

Ho må vere ein stad i huset




Ho må vere ein annan stad i huset, for eg kan høyre ho.

Eg står i etasjen under og brettar saman putetrekk med sjøstjerner på. Og eg høyrer ho gjennom skvulpinga frå maskinen, den monotone duren av omdreiingar kvart femte sekund, klaskinga mot ein munning av lys.

Eg høyrer ho slik eg kan lukte skyljemiddelet frå flaska på hylla, algegrønt slik ho kyssar ei løve for å få sove når havet ligg stille, klemmer og sovnar med armane rundt han som skal bli eit flossete minne. No har han flekkar av kjærleik.

Ned trappa trillar latteren, klukking så mjuk at berre vatnet fell mjukare over steinane på utsida av huset, steinane vi plukka i fjøra sist sommar, eg og ho og ein tjeld som låg på daude egg på nausttaket. Han som sprang oss skrikande i møte på raude bein då vi nærma oss med dei tunge lommene våre, fylt av runde, svarte og spraglete steinar og hårstråa våre som vinden vikla saman då vi kom for nær

no er det berre steg imellom oss, ei trapp som svingar og klukkinga ho ein gong ruga på i et varmt mørke av vatn ho ikkje visste namnet på, ikkje hav, ikkje sjø, ikkje bekk, ikkje fossefall, berre vatn å symje i, spenne frå, rotere i

til hjartestrengen står som ei trosse frå land

5 kommentarer:

Anonym sa...

steinstein
altifråeitt
kjennest att i mørke
songen eit sug hjartestrengssorg
så glad

*tapastiltakk*

Aina Basso sa...

Ein veldig fin tekst!

Midifila sa...

Tapastakk og tusentakk.
Så fint å høyre!

Anonym sa...

Dette var godt og nydelig :)

Midifila sa...

Hei Anita! Fint å sjå deg her! *s*