Skot
![]()
Sonen min spring i gatene og skyt
naboguten ned med leikegevær
som har stått ein heil vinter i boden
i ei blå bøtte og støva ned, bøtta eg har flytta
att og fram kvar gong eg har henta ut
reinsdyrfiletar frå frysaren, søndagsmiddagar
vi har ete med siklemunnar og skarpe knivar og blodig
ligg no den aller siste og tiner på kjøkkenbenken, formlaus
som ein lutrygga gammal mann idet safta renn ut
for siste gong og skriket er like rungande
som hos cowboyen i snøskavla
Han speler død





3 kommentarer:
Kjempeflott dikt, Tove!
Tror ikke du er ferdig med diktsjangerern ennå.
Med hilsen Irene :-)
skot skot
betyr blinkskot
minner om eit eple
noko som ikkje fell langt frå
stammen
*skrytetapas*
Tusen takk.
Det var artig å prøve seg på linjedeling igjen.
Legg inn en kommentar