23.1.08

Lovise dansar

Lovise står midt på det sjakkbrettruta kjøkengolvet og løftar armane mot lyset. På beina har ho Sigrid sine tøflar, dei ho aldri hadde hjarte til å kaste. Lovise minnest at ein gong kunne ho alle stega. Hit eitt trinn, og dit eitt trinn. No vil ikkje føtene lystre. Ho prøver å følgje melodien dei spelar på radioen, det er ein kjent stemme som syng, og ein gong kunne ho også teksten, ho er ganske sikker på det, men no fell ho berre inn med svak røyst kvar gong ei strofe nærmar seg slutten.

Tøflane subbar mot golvet, dei trøtte føtene og Lovise som svingar armane, prøver å sprike lett med fingrane som ballettdansarane gjer det på tv, på laurdagskveldane når det ikkje er noko anna å sjå på, blafrande er dei, som fuglevenger, men det er skjelvinga ho kjenner der ho svaiar mellom benken og komfyren. Skjelvinga liknar dirringa attmed husveggen på sommaren, på brennheite dagar, ei hildring over svart mold, og strålar av liv.

Lovise stør seg mot kjøkenbordet, kjenner hjartet hamre, blodet pulserar uti fingertuppane. No takkar vi for i dag, seier programleiaren, og introduserar siste dans. Då kjem Henrik med nypussa sko og byr henne opp.

3 kommentarer:

Anonym sa...

levd liv
leitar lenge
lengtinga lysare
late lovnader løyse livs
lukke

*tapastiltakk*

Anonym sa...

En tovetypisk tekst. ( I positiv forstand!) Nær og dvelende. Og frodig og melankolsk på samme tid.

Sistelinja virker litt "happy end", men det er ikke sikkert den er det? Kanskje er han et vagt minne, eller at ulike tider glir over i hverandre for henne.

I alle fall fint å lese dette.


Irene

Midifila sa...

Takk så mykje!
Slutten er litt slapp.
Som eg. :-)