5.2.08

Berre kjærleik


Eg elskar duppedittar. Tekniske duppedittar. Sånne som kan trykkast på.
No har eg fått meg eit nytt leiketøy.
Det gamle blei stille viss nokon prøvde å nå meg, munn til munn.
Det nye kom i hus i går, og har enno ikkje bedt om meir strøm.
Eg kan ta betre bilde, og eg kan spele musikk.
Sjølv den gamle laptopslitaren min fekk til å overføre filene til min nye Nokia N73.
Eg trur dette skal bli eit langt og fint forhold.

Ingen kommentarer: